Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Dugnad på fleire frontar

Jon Olav Ørsal Tysdag 24. juni 2014

Tysdag kveld var det slåttadugnad på Bordholmen. Tradisjonelt er det finpuss av anlegget før Todalsdagen, og det «surra» i kantkløpparar frå alle kantar da dugnaden stod på sitt høgste. Inne i klubbhuset var det også arbeid med rigging av kiosken og grillutstyret slik at ein kan utnytte full kapasitet på både produksjon og salg av mat og drikke utover laurdagen, når over 400 spealar med tilhørande støtteapparat og supportere må ha påfyll av energi.

Sanitetsdugnad_2014

Sanitetsforeninga førebudde besøk frå Molde sanitetsforening onsdag. Foto: Elinor Bolme

Dugnad var det også i Sanitetshuset, der Todalen sanitetsforening førebudde besøk frå Molde sanitetsforening. Molde sanitetsforening legg ut på tur til Todalen onsdag, da dei skal ha sesongavslutning i Svinviks arboret, og vidare til besøk hos Talgø på Gammelfabrikken og til slutt Sanitetshuset på si ferd.

DSC_3044

I slåttateija…. Jan Nordvik Bruset med kantslåmaskina. Foto: Jon Olav Ørsal

TILdugnad_3066

Rett del på rett plass er ei utfordring når ein skal montere telt. No er Torkjel A. Moe og Nils Ove Bruset på rett veg. Foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 24. juni 2014, 21:16