Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Sommarsolsnu – det går mot vinter igjen

Jon Olav Ørsal Laurdag 21. juni 2014

Laurdag kl 12.51 «snudde» sola, og dermed går det sakte med sikkert mot ein ny vinter. Forhåpentleg vis tek det ei god stund enda før vi får føling med vinteren, sjølv om det har kome snø ned til rundt 600 meter dei siste dagane. Men komande natt er nok den kortaste denne somaren, og etter kvart blir nok natta lenger og dagane kortare igjen.

I Wikipedia finn vi følgjande informasjon om sommarsolkverv: «Sommarsolkverv eller sommarsolsnu er tidspunktet når jorda er i det punktet av banen der den halvkula ein er på (nordleg eller sørleg) heller mest mot sola. Dette skjer alltid om sommaren. Når sola står i sør midt på dagen har ho si høgste høgde over horisonten i året, og klokka tolv vil ho stå rett over hovudet i områda ved 23 breiddegrad. Det er òg den dagen som har lengst daglengde. I daglegtale seier ein ofte at «sola snur» på dette tidspunktet, fordi dagane frå no av vil bli kortare.

Feiring:
Som vintersolkverv blir solkverve om sommaren gjerne markert med ei feiring. I Noreg er denne kjend som jonsok eller sankthans. Desse feiringane blir ofte haldne rundt den 24. juni, sjølv om kvervet no finn stad på den 21. Dette heng saman med at året den julianske kalenderen er 365,2500 dagar langt, medan det tropiske året er 365,2422 dagar. Dette fører til at datoen for sommarsolkvervet endrar seg med om lag tre dagar i løpet av fire hundre år. Med den moderne gregorianske kalenderen, som er meir nøyaktig, flyttar solkvervet seg også, men på lang sikt endrar datoen seg berre eitt hakk i løpet av tre tusen år.»

 

 

Publisert: 21. juni 2014, 18:07