Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Toåa var flaumstor…

Jon Olav Ørsal Sundag 22. juni 2014

Ein kombinasjon av mykje nedbør og smelting av nysnø i fjella førte til stor vassføring i Toåa søndag morgon og utover føremiddagen. Vassføringa på målestasjonen ved Storfossen var på topp i 6.30-tida, med 55,7 m3/sek, men har sia går jamnt nedover.

Utsikt frå Brusetbrua og oppover Toåa søndag i 13-tida.  Foto: Jon Olav Ørsal

Ved 19-tida søndag kveld var vassføringa komen ned på knappe 32 m37sek.  Vassføringa har i dag vore i største laget for laksefisket, og det er ikkje meldt om noko resultat. På yr.no blir det meldt om litt nedbør utover natta og litt utover føremiddagen måndag. Vidare utover veka er det bra meldingar og stigande temperaturar. Til helga ser det ut til å bli stort sett bra vër, men fare for nokre regndråpar innimellom. Her kan du følgje med langtidsvarselet for Todalen.

Publisert: 22. juni 2014, 22:46