Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Stavgangferie – slutta vårsesongen med kaffelag og dans

Vidar Sogge Fredag 27. juni 2014

Torsdag 26. juni møttest stavganggruppa på Kårvatn, parkerte bilane og gjekk opp til Nauståfossen. Fossen hadde nok vore temmeleg mykje større i regnveret siste helg, man viste seg majestetisk fram i dag òg. Etterpå ber det ned til Myrvang, der Liv og Jon tek imot oss med opne armar som alle tidlegare år, og Liv møter oss med eit stort fat saftige, oppskorne melonar.

Mange var med på turen helt inn til Nauståfossen. Foto: Vidar Sogge

Med trekkspel- og felemusikk frå trappa finn vi oss sitteplass på gardsplassen og får servert graut og bakels, høyrer Narve Talgø lesa minnevers om Halvor Ørsal og fortelje om Anton Myrvang. Innimellom høyrer vi også Fredrik Sjøflot spela på blokkfløyte.

Før vi dreg heim, blir det tid til ein dans på vollen; og kvar høver det betre med nordmørspols og Tovassvalsen enn nettopp her på Myrvang, heimplassen til Halvor Ørsal. Som takk overrekkjer leiar for stavganggruppa, Martinus Torvik, blomster til musikarane, Guri og Lars, og vertskapet, Liv Larsen og Jon Myrvang.

Dette var siste turen i vårsesongen, der i gjennomsnitt 29 deltakarar har møtt opp! Vi startar opp att den 7. august med tur til Sjøasetervatnet. God sommar og vel møtt til hausten!

Bilder frå siste stavgangturen før ferien – avslutning med dans til både Tovassvalsen og Nordmørspols.  Foto: Vidar Sogge og Per Bruset.

 

Publisert: 27. juni 2014, 13:53