Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forfattararkiv for

Vi fann 7048 artiklar i dette arkivet.


Todalen.no 5 år: Fort og hektisk jubileumsfeiring

Jon Olav Ørsal Sundag 24. august 2014

Todalen.no feira 5-årsjubileum idag. 24. august 2009 var det premieredag for den nye nettsida. Vi var utruleg spent på om vi ville få til ei nettside som var levedyktig utan at vi skulle være med og slåss med andre media om annonsemarknaden, og berre basert på todalsrelatert nyheitsstoff. Det har vi klart, og vi er utruleg audmjuk når vi ser på dei daglege lesartala som forlengst har passert 1000 pr dag i gjennomsnitt. Hittil i år har vi hatt 238.000 besøk og har hatt 40.000 unike brukere. Sia 24. august 2009 har vi hatt 1 250 604 besøk på Todalen.no!


Sykkeltrimmen med «utror» til Valsøyfjord

Jon Olav Ørsal Sundag 24. august 2014

Laurdag dukka vi borti sykkelrittet «Valsøyfjorden rundt», og jammen var det ikkje ei tropp frå sykkeltrimmen på Nordvik som var der for å vise musklar, eller kanskje heller for å måle musklane og kondisen mot resten av sykkelmiljøet. Nokre av dei starta i trimklassen og kjørte ein runde på 21 km rundt Valsøyfjorden, medan konkurranseklassen tok to rundar og fikk 42 km.


Søndag: Open gard i Viastua

Jon Olav Ørsal Laurdag 23. august 2014

Søndag mellom kl 12 og 16 inviterer Todalen Bondelag til open gard  i Viastua, med Ola Kvendset og familie som verstskap. ”Open Gard” er landbruket sitt årlege familiearrangement, og bondelagets viktigaste døropnar mellom landbruket og resten av befolkninga. Denne dagen opnar Ola døra til det nye lausdriftfjøset, og her vil du nok få sjå at roboten […]


Til Nordmarka og hyttebesøk hos Ingolf

Jon Olav Ørsal Laurdag 23. august 2014

Torsdag 21. august møttest 26 stavgangarar frå Surnadal Pensjonistlag på Nordsida av Dønnembrua, køyrde opp Dalseggvegen og parkerte i nærleiken av hytta til Ingolf Dønnem. Marsjruta var utover Nordmarka til Krokvatnet, og merkeleg nok heldt vêret seg til vi mest var komne attende til hytta før dei første regndropane dala ned i hovudet på oss.


Sauesanking – må rekne med tap

Jon Olav Ørsal Laurdag 23. august 2014

Bjørn Kvendset har sauene på fjellbeite på sørfjellet. Majoriteten går oppe i Kjerringa, men det er spredning frå Vassnebba til Veltet på flokken som i år tel 170 dyr, med smått og stort. Dei siste vekene er rundt 110 dyr komne att frå fjellbeite av seg sjølve. Bjørn var litt usikker på kva som var årsak til det, men han trur det er dårleg vêr og dårleg beite – og ikkje rovdyrproblema som er direkte årsak til det. Med den fine og tørre sumaren er beitet alt skjemt – graset er brunt i fjellet, og da fristar nok dei grøne ekrene heime meir.


MøreRoyalproduksjon på høggir…

Jon Olav Ørsal Fredag 22. august 2014

På MøreTre går produksjonen av MøreRoyal-produkt for fullt, og det kjem den til å fortsette med utover hausten og vinteren, fortel produksjonsleiar Roar Nordvik. Etter ein hektisk sesong med rundt 25% økning på MøreRoyal, er det framleis full produksjon både på det nye og gamle produksjonsanlegget.


Jan Vidar dreg til Canada for eit år…

Jon Olav Ørsal Fredag 22. august 2014

Todalingane dreg ut i verda som aldri før! Nummer to berre denne veka er Jan Vidar Øyen, som dreg til Kamloops i Canada for eit år. Der skal han fullføre utdanninga si og forhåpentleg vis ha med seg ein bachelor i friluft- og fjellsport når han rundar av året i Canada og kjem att i juni neste år.


Melder mykje regn i tysdag og onsdag!

Jon Olav Ørsal Tysdag 19. august 2014

Meterologisk institutt har gått ut med OBS-varsel for Møre og Romsdal, da det er venta mykje regn lokalt. Tysdag er det Sunnmøre som får det meste av regnet, men det blir onsdag store nedbørsmengder lokalt, med 30-60 mm på 24 timar. Om nedbøren treffer her, blir det nok flaum med slike nedbørsmengder. Men etter varselet i skrivande stund (18.30) ser det ikkje så ille ut.


Midt på dagen, midt på ekra…

Jon Olav Ørsal Tysdag 19. august 2014

Midt på dagen gikk disse to rådyra på ekra ved SIAS/Bordholmen stadion. Dei gav blaffen i at jakttida for vaksen rådyrbukk starta 10. august og beita i fred og ro, sjølv om dei fekk tilskuarar på vegkanten.


Måndag var det skulestart

Jon Olav Ørsal Måndag 18. august 2014

Måndag var nok ein spennande dag for Hallvard, Maria og Tor Asbjørn. Da hadde dei nemleg sin første skuledag ved Todalen skule, og det var stas. Stas var det nok for alle dei andre også, for det har vore ein lang og fin sommar og da er det alltid artig å treffast på skulen igjen.


På fjorddag til Bøfjorden med Framnæs

Dordi Jorunn Halle Måndag 18. august 2014

Søndag 17.august arrangerte Bøfjorden Historielag på nytt «Fjorddag». Temaet for dagen var «I fjordabåtens kjølvann». Arrangementet var eit samarbeid mellom sundbåtentusiastar og historielaget. Så sundbåten «Framnæs» tok turen frå Kristiansund innover fjordane til Bøfjorden. Det var stor interesse for turen, 50 passasjerar var om bord da båten la til kai på Bølandet.


Blir eit år på andre sida av kloden

Jon Olav Ørsal Måndag 18. august 2014

Dette blir ein spanande vinter for Oda Halle. Måndag 18. august reiser ho til andre sida av jordkloden – eller nærare bestemt til Auckland på New Zealand. Saman med venninna Liv Ingrid Helgetun set dei seg på flyet i Trondheim, og første mål er Gardermoen og vidare til Qatar og vidare til Singapore, der det er stopp i første omgang.