Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Bukkefall i Glenna

Jon Olav Ørsal Sundag 7. desember 2014

Hjortjakta er ikkje ferdig enno, sjølv om kvotane etter kvart fylles opp. Halla og Husby jaktlag var laurdag på jakt i Husby- og Hallaberga og resultatet vart ein 7-spiring denne gongen. Jaktlaget starta i Petlia og jakta vidare innover lia. I eit av granfelta ovafor Ramsøya tok dei ut denne bukken som fann sin nåde i postrekkja i Glenna innafor Engjavadberget.

Kristen Halle satt på post i Glenna – der vart det stopp. Foto: Tormod Kalseth

7-spiringen hadde ei slaktvekt på 97 kg, fortel Tormod Kalset som har sendt oss bilde frå laurdagens hjortefall. Ordinær jakttid for hjorte er i år frå 1. september og fram til jul – nærare bestemt til og med 23. desember.

Tormod har sendt oss fleire bilde frå jakta – så nedafor byr vi på bildeglimt både frå Romådalen, Romålia og frå poasten på Kvitkua.

Romådalen

Utsikt innover Romådalen – til venstre ser vi Ramsøysetra. Foto: Tormod Kalseth

Frå Romålia

På gammelstien opp Romålia. Foto: Tormod Kalseth

Hjortpost

Klar for aksjon – på hjortpost på Kvitkua. Foto: Tormod Kalseth

 

 

Publisert: 7. desember 2014, 12:11