Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Mild desember så langt…

Jon Olav Ørsal Laurdag 6. desember 2014

Ein skulle tru at det i år er uvanleg mildt til desember å være. – Men slik er det faktisk ikkje, skriv Jon Bruset i ein e-post til Todalen.no, der har har teke ein gjennomgang av max.- og minimumstemperaturane sia 1990. Torsdag registrerte han maksimumstemperatur på +12, 5 på Småhjellan, men det er langt frå rekord.

Når han så sjekkar statistikken viser den at det er forholdsvis vanleg med to-sifra plussgrader i desember, og torsdagens temperatur kjem heilt ned på 30.-plass for desember, sia han starta målingane i 1990. På topp i denne statistikken ligg 6. desember 2000 med +16,5 – deretter kjem 2. desember 1998 med +15,0 og på siste pallplass 1. desember 2006 med + 14,9.  Men så seint som i fjor var det +13,9 grader den 12. desember.

I 2006 var det langvarig «varme» i desember, da det var tilsaman 13 døgn med maksimumstemperaturar over +10 grader.  Heilt på den andre enden av skalaen ligg desember i 2010, da berre 3-4 døgn hadde plussgrader og maksimumstemperaturen for desembermånaden var +4,3 grader. Den månaden hadde dei fleste dagane temperaturar under -10.  Da var det faktisk folk som tok til orde om at den globale oppvarminga vi opplever var berre tull! Til slutt kan vi nemne som en kurositet at den varmaste julekvelden sia 1990 var i 2007, da gradstokken målte maksimumstemperaturen til +13,5 grader på Småhjellan.

Det er nok for tidleg å så korleis julevêret blir enno, men yr.no melder i allfall kaldare vêr til neste veke, med 1-4 kuldegrader og søraustleg vindretning utan nedbør.

Publisert: 6. desember 2014, 17:51