Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Søndag – juletorg på Skei

Jon Olav Ørsal Laurdag 29. november 2014

Det går slag i slag med julemesser og julemarked for tida. Laurdag var det på Kårvatn og søndag er det full fart med juletorg på Skei. Det skjer på torgplassen framfor kulturhuset og i sjølve kulturhuset – og på Thon Vårsøg hotell som har dekt eit stort familiejulebord i restauranten. Torgdagen varer frå 12-18 og med 40 utstillarar er det litt av kvart å by på både heimelaga og kortreiste matvarer og husflidsvarer av ymse slag.

Juletorg+hotell

Thon hotell Vårsøg har som sagt dekt familiejuebord i restauranten og tilbyr ein real smak på julematen i tidsrommet 14-17 og sjølvsagt byr dei på torgpris på ein slik dag. Det kostar 350 kr for vaksne og halv pris for born mellom 4-12 år. Her er det lurt å bestille bor på førehand på telefon 71 65 71 00.

 

 

 

Publisert: 29. november 2014, 17:46