Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Toril førebur advent i «julebutikken»

Jon Olav Ørsal Onsdag 26. november 2014

Det er no mindre enn ein månad til jul, og førstkomande søndag er det første søndag i advent. For nokre dagar sia trefte vi Toril Redalen på Hageland – nettopp i full sving med å lage ein dekorativ adventsstake.  I desember tek ho nemleg fri frå kunstnertilværet, – og blir «sesongarbeidar» på Hageland – og det gler ho seg til, fortalte ho…

Det er nok ikkje tilfeldig at ho svingar seg rundt med blomsterdekorasjonar, planter og trær på Hageland, for det er eit fag ho kan!  – Og da fortel ho at ho har fagbrev som blomsterdekoratør frå Statens gartner- og blomsterdekoratørskule på Moelv. Med læretid i Bergen og 10 år erfaring frå blomsterbutikkar i Bergen, Trondheim og Oslo skjønar vi at ho er komen på rett stad. I desember er ho altså på plass på Hageland i Surnadal, og da kan det vel kome godt med at ho er vant med blomsterstresset i blomsterbransjen fram mot juletida.

DSC_0868

Borghild Talgø følgjer spent med når Toril Redalen «mekkar» i hop ein adventdekorasjon. Foto: Jon Olav Ørsal

På Hageland er julemånaden omtrent like travel som «våronna» i mai, og det er høgsesong for blomsterdekorasjonar og anna pynt. På Hageland er julepynten, og juletrea – både kunstige og vanlege – komne på plass. Juleblomstene er også på plass, og du skal ha stor motstandskraft dersom du ikkje kjem i julestemning etter en runde i butikken.

I desember er det atter søndagsope på Hageland. Dei tre søndagane i desember er butikken open frå 12 – 17, så her kjem det til å gå i eitt fram til julafen, men før det blir det nok travle dagar for damene på Hageland….

Nedafor finn du nokre bildeglimt etter ein runde blant «nisser og dverger» på Hagland i Surnadal.   Alle foto: Jon Olav Ørsal

 

 

Først publisert: 26. november 2014, 22:07 - Sist oppdatert: 28. november 2014, 10:17