Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Bygdas raskaste breiband…

Jon Olav Ørsal Tysdag 2. desember 2014

I dag var det premiere for breiband via fiber, da Svorka Aksess starta tilkoplinga av abonnentar i boligfeltet på Kvennset.  Med hastigheit på over 50.000 Mbit/s er det ei 10-dobling av farten for nedlasting og enda meir for opplasting. Vår billedredaktør for «Dagens Bilde», Mari Redalen, var ein av dei første som fikk nyte godt av den nye breibandsfarten.

MariRedalen_8417

No blir det nok fart på sakene hos Mari Redalen! Foto: Jon Olav Ørsal

Svorka Aksess har i løpet av sommaren og hausten gravd ned fiberkablar til dei bebuarane i Kvennsetøran boligfelt som har bestillt. Det vart gjort samtidig som hovudkabelen var lagt i grøft forbi boligfeltet.  Boligfeltet på Kvennset er først ut med fiber i Todalen, men det er lagt matingskabel ned til Todalsøra og oppover til Bruset/Todalshytta. Svorka Aksess har enno ikkje gått ut med tilbud om etablering av breiband for resten av bygda, men det blir nok gjort så snart det er ledig monteringskapasitet. Opplysningar vi har fått tidlegare går ut på at det blir tidlegast til sommaren.

Testresultat3450

Første test ga over 50 Mbit/s både for nedlasting og opplasting. Foto: Mari Redalen

Men Mari kom iallfall på lufta med «fiberen» i dag, og det vart nok litt forandring på farten. No har ho tilgang til både TV- og datasignal og kan sågar koble til IP-basert fasttelefon på dette nettet. Hos Mari var det Ole Ingar Strand frå Relacom som utførte monteringsjobben på oppdrag frå Svorka Aksess. Han kunne fortelje at dei har som mål at alle i boligfeltet som har bestillt fiberbasert breiband,  skal få dette montert før jula ringes inn.

Modemmontering_8418

Modemet vart montert attafor TV-benken og vil gje både TV- og datasignal til heile huset. Foto: Jon Olav Ørsal

 

 

Publisert: 2. desember 2014, 18:16