Klarstemte juletonar i Todalskyrkja
Søndag ettermiddag inviterte Prosjekt 17-koret til julekonsert. Først i Todalskyrkja kl. 15, og så i Åsskard kyrkje utpå kvelden. For den som ikkje har fått det med seg, så er Prosjekt 17-koret fortsettinga av Todalskoret, Åsskard kyrkjekor og Bøfjord mannskor. Før dirigenten for dei 3 kora pensjonerte seg, var korsongen ein del av organistjobben i Stangvik prestegjeld, men no er dette omorganisert. – Spesielt for konserten var P17-koret forsterka med strykeorkester, og med Sigrid Vetlesæter Bøe (sopran) og Torunn Kroknes (mezzosopran/alt).