Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Næringslivsdagen 2018 – nr 17 i rekkja

Jon Olav Ørsal Tysdag 27. februar 2018

Banksjef Allan Troelsen kunne tysdag ønske 260 deltakarar velkomne til rundt 260 deltakarar som hadde teke plass i kulturhuset storstue. År for år har deltakartalet auka, og det tykkjer vi borgar for god kvalitet på arrangementa. Sjølv om mange av deltakarane var lokale størrelsar, så var det mange tilreisande. Både frå nabokommunane og lengre unna. På same måte er også foredragshaldarane både frå det lokale miljøet og lenger unna. Ein felles nemnar for dei er at det er dyktige folk, og folk med mykje erfaring. 

Bente Landsnes fortalte om Børsen og korleis den fungerte. her saman med Bente K. Edvartsen. Foto: Jon Olav Ørsal

Nytt av året var konferansieren. Bente Krangnes Edvartsen avløyste i år Ove Snurruås – ein jobb hun kom godt utav. Den første hun kunne introdusere av foredragshaldarane var Konsernsjef i Oslo Børs, og som har lang og solid erfaring få både børsen og andre finansinstitusjonar. Ho snakka om risikokapitalmarknaden og korleis ein kunne få bedrifter til å vokse med tilføring av ny eigenkapital både frå bankar og frå børsen.

Jan l. Andreassen hadde ein ny leksjon i norsk makroøkonomi til tilhørarane. Foto: Jon Olav Ørsal

Nestemann ut var sjefsøkonom Jan L. Andreassen i Eika Gruppen. Han tok for seg norsk makroøkonomi og korleis ting virka inn på kvarandre og korleis myndigheitene forvaltar verdiane og påverkar utviklinga i økonomien. Det er mange ting som påverkar økonomien, mellom anna veksten i folketalet, bustadbygging og korleis myndigheitene bremsar eller gir gass for å halde passande aktivitet. Han var innom både dollarkurs, eurokurs, eldrebølga og privatfolks aukande gjeldsbyrde, men han forsikra oss også om at landet har skikkelege reservar som nok vil kunne halde store kriser unna i lang tid. Andreassen hadde eit klart råd til dagens ungdom – unngå for mykje gjeld!

Odd Gustav Kvalvåg er gründer og medeigar i Deep Sea. Temaet han hadde bygd sitt foredrag på var korleis nedgangen i oljeservice har skapt nye suksesshistorier. Firmaet Deep Sea har hovudkontor i Kristiansund, og har baser både i Asia, Afrika, Europa og Amerika.

Av lokale krefter hadde Cathrine L. Kårvatn eit interessant foredrag om «sitt liv og virke» på fjellgarden Kårvatn. På Kårvatn har det vore gardsdrift sia 1400-talet og kanskje enda langer, og garden har derfor mange kulturminne å ta vare på. På slutten av 1800-talet kom fotturismen slik vi kjenner den i dag i gang, men før den tid var det trafikk over fjellet frå Oppdal og til Kristiansund.Det er i dag allsidig drift på Kårvatn, der mellom anna naturforsking er ein del av jobben. I dag blir det utført forskingsarbeid både for Norsk institutt for vassforsking og norsk institutt for luftforsking, der Kårvatn er nullpunkt for samanlikning med Nord-Europa.

Elles blir det satsa på turisme – både fotturisme i samarbeid med Trondheim Turistforening og ikkje minst er det ein eksplosiv auke i brukenav det lokale området til toppturar. Men her er også mange fiskevatn, klatring og andre aktivitetar. Her kan du kan berre opne vindauget og lytte til stillheita, sa Cathrine.
Det er kanskje ikkje unaturleg at toppturar har slege om seg både i Dalalia og mot Tydalsnebba. Kårvatn Fjellutstyr var pionerar på sal av randonée-utstyr i Norge, og har lang erfaring med det. Butikken på låven kunne i fjor feire 25 årsjubileum, mot alle odds med tanke på plassering. I dag er den grunnlaget for 5 arbeidsplassar.

Den siste tida er det lagt meir vekt på matservering til turistane. Det er triveleg med kontakt med turistane, seier Cathrine, som det siste året har satsa på servering av heimlaga frukost med produkt frå garden. Her har vi lagt vekt på gamle mattradisjonar og ispedd litt gammal gardshistorie, og det er populært.
I fjøset og på beite i Gammelseterdalen er det satsa på kjøttfe. Det er rasen Aberdeen Angus som det er satsa på og dei utnyttar fjellbeitet spesielt godt, og det er sterke dyr som er full av naturleg instinkt. Alle kyrne har namn etter lynne og utsjånad. Mykje av kjøttet seles til restaurantar i Trondheim og blir slakta og foredla av Eidsmo kjøtt. Det er og lagt vekt på eit etisk dyrehald, der dyra har det godt og nyter stor respekt.

Unge alpinistar som får nytte av utviklingsprisen. Dag Skei tok imot prisen på kr 25.000 frå banksjef Allan Troelsen

Etter pause med lunch og mingling i foajéen var det stor spenning knytt til utdeling av Utviklingsprisen. Det var i år 17. gong at prisen var utdelt, og den er ment som ei påskjønning og bidrag til nokon som bidreg ekstra i lokalsamfunnet. Det var kome inn mange forslag fortalte banksjef Troelsen, og under stor applaus kunne han fortelje at prisen i år gjekk til driftsselskapet ved Surnadal alpinsenter. Alpinsenteret har i år hatt sin beste sesong, og prisen blir eit synleg bevis på at satsinga som er gjort er rett, sa Troelsen, som delte ut prisen på kr 25.000 til dagleg leiar Dag Skei i Surnadal Alpinsenter.

For Steinar Olsen er det viktig at det blir teke hensyn til klima og miljø. Foto: Jon Olav Ørsal

Etter siste pause var det Steinar J. Olsen i Stormberg som slapp til på scena. Han bydde på livshistoria si, frå han starta som 16-åring, og fram til i dag kor han har over 50 butikkar. Spesielt med verksemda hans er at hans policy er bruk av minst 25 % av arbeidskrafta som har vanskar med å kome inn på arbeidsmarknaden.
Dei 3 bærebjelkane i verksemda hans er inkluderande arbeidsliv, etisk handel og berekraft. Han sa at myndigheitene burde innføre garanti for lærlingplass for ungdom, ungdomsfritak for arbeidsgjevaravgift og forbedra kunnskap om fagbrev og alternative løp. Men heile verksemda er basert på klimanøytrale produkt, fortalte Olsen.

Simen Staalnacke frå Moods of Norway – no startar han på igjen etter konkursen – han hadde mykje å lære bort. Foto: Jon Olav Ørsal

Så var det Simen Staalnacke sin tur. Han er kjent som gründer og medeigar i kledekolleksjonen Moods of Norway, og har sitt hovudsete Stryn. I 2017 enda den historia med ein brakkonkurs, og i dag fortalte han om kva dei gjorde rett og kva dei ikkje gjorde rett og etter kvart førte til konkurs.
Han nemnte i tur og orden at årsakene til konkursen var dollarkursen og utydeleg konsept som store driftskostnader. På plussida kan dei imidlertid skilte med god merkekjennskap. No er dei i gang att, og som han sa – vi er tilbake der vi starta. Tilhøyrarane fekk med seg mange god tips på vegen.

Therese Johaug fortalte om dopinsjokket ho opplevde hausten 2016 – og som ho enno ikkje er ferdig med. Foto: Jon Olav Ørsal

Therese Johaug var siste post på programmet, og kanskje den som vi venta mest på at skulle entre scena. Ho hadde med seg manageren og dei to fortalte detaljert om den store nedturen som dopingsaka har vore for henne. Den 4. oktober 2016 starta dopingmarerittet, som til slutt enda med 18 månader utestenging frå idretten. Dette førte til eit umenneskeleg press på Johaug og hennar bakapparat, men all støtte frå sponsorar og ikkje minst frå familie, venner og andre tilhengarar har hatt stor betydning for arbeidet med å kome tilbake. Ho fortalte at det til tider har vore vanskeleg å halde seg motivert for eit comeback. Men som sagt så er det i motbakken det går oppover, og til hausten vil vi nok få sjå Therese Johaug i sporet igjen.
Dermed var årets næringslivsdag i hamn, og vi takkar for ein interessant og gjevande dag i kulturhuset!

Publisert: 27. februar 2018, 22:25