Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Prosjekterer tursti langs elvekanten

Jon Olav Ørsal Torsdag 22. februar 2018

Dei siste åra har det vore lagt stor vekt på at trim og bruk av naturen gir god helseeffekt og livskvalitet for folk. Dette har det faktisk vore lagt stor vekt på i Todalen også, mellom anna har trimgruppa i Todalen I.L. vore aktiv og har i mange år hatt fleire trimpostar som har vore populære og mykje bruka. Sist sommar rydda Elinor Bolme og Carsten Bohle ein sti langs elva Toåa, frå Bønnavollan og nedover til Halsabrua.  Dette skjedde i nært samarbeid med grunneigarane på strekninga.

Turstien går frå Bønnavollan og nedover til Halsabrua. Det legges til rette som eit lågterskeltilbod for både barnefamiliar og funksjonshemma. Det blir også planlagt ein fiskeplass for funksjonshemma/rullestolbrukarar med tilrettelagt adkomst. Foto: Jon Olav Ørsal

I løpet av året har denne enkle satsinga vore mykje bruka, både i sommar og utover hausten til vinters. Ein slik respons inspirerte dei to til å jobbe vidare med dette, for å få til eit lågterskeltilbod, der både funksjonshemma, småbarnsforeldre og andre kan nytte tilbodet. Mellom anna blir det planlagt ein fiskeplass som kan brukast av funksjonshemma/rullestolbrukarar, og dette krev litt ekstra tilrettelegging av adkomsten.

Elinor og Carsten lanserte ideen til styret i Todalen I.L. for at dette skulle skje i rette og formelle former – ikkje minst med tanke på finansiering og økonomisk støtte til prosjektet.  Styret i Todalen I.L. tente på ideen, og Michal Heimlund vart oppnemnt som representant i arbeidsgruppa frå TIL.

Arbeidsgruppa har no prøva og jobba fram eit forprosjekt, og har sjølvsagt vore i kontakt med grunneigarane på strekninga, og med offentlege etatar og ikkje minst sponsorar. På alle frontar har det vore positive tilbakemeldingar og difor har det vore jobba vidare med prosjektet. Onsdag kveld var grunneigarane inviterte til ungdomshuset på felles møte for å bli informert om kvar saka står kva arbeid ein står framfor vidare. Saka skal no presenterast for årsmøtet i Todalen I.L. og vidare blir det satsa på å få med andre lag og organisasjonar.

Onsdag vart forslaget presentert for grunneigarane på strekninga. Frå venstre Michal Heimlund, Jon Bjarne Husby, Ståle Ansnes, Anders Talgø, Carsten Bohle og Elinor Bolme. Foto: Jon Olav Ørsal

Heile prosjektet dreier seg om 1,7 km tursti som går langs bredda av Toåa, frå Bønnavollan og nedover til Halsabrua, og er kostnadsrekna til ca 1,0 mill.  Det blir satsa på finansiering med tippemidlar, sponsorar og med mykje dugnadsarbeid. Dugnad er vi vel eigentleg vant med i Todalen, og dette har vore løysinga for mange prosjekt i bygda. Vi kan berre nemne lysløypa på Tjønnmyra.

På møtet onsdag var det positive tilbakemeldingar med tanke på å finne løysingar som det er mogleg å gjennomføre. Jon Bjarne Husby, som er ein av grunneigarane på strekninga, sa under møtet at dette må vi være positive til. – Vi må som grunneigarar være med og legge til rette for at folk skal kunne bo og trivast i bygda i lag med oss.  

Arbeidet med prosjektet vil no fortsette, og blir presentert på TILs årsmøte i første omgang. Blir det positiv respons der vil nok prosjekteringa og arbeidet med finansiering starte opp for fullt.  Ein anleggsstart kan nok tidlegast kome i 2019, sa initiativtakarane.

Publisert: 22. februar 2018, 13:23