Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ryddar vekk kratt og småskog rundt vegen

Jon Olav Ørsal Torsdag 1. mars 2018

Frå Todalskrysset og innover etter RV671 pågår det krattrydding etter vegkantane no om dagane. Det er Mestas fjellsikringsgruppe som har jobben som ein del av Mestas vedlikehaldsavtale med Vegvesenet. Anders Flæte som er frå Lærdal, og som arbeider i denne gruppa, seier at det er geita som skulle gjort denne jobben. Men i deira fråvær må vi ta jobben.

Bjørn Heggset kjem frå Mesta i Surnadal, og er med som kjentmann og for å halde styr på trafikken. Her i gang med flishoggaren. Foto. Jon Olav Ørsal

Han har nok rett i at Noreg gror att i mangelen på beitedyr. I tidlegare tider var det nok beitedyra som heldt vegkantane ryddige og utan for mykje kratt og buska, men dei er det langt i mellom no. Det har med landbruksøkonomi å gjera, og det kan vi nok ikkje løyse så lett – da lyt beiting bli lønnsamt igjen.

Med motorisert heis gikk det bra å heise seg opp etter berghammaren – og utstyrt med ei lita elektrisk motorsag vart Anders Flæte utruleg effektiv. Foto: Jon Olav Ørsal

Nok om det, men gjengen frå mesta Fjellsikring er spesialistar på å rydde skog og kratt i bratt og ulendt terreng, og dei har gode hjelpemiddel i arbeidet sitt. Ein liten heis som var basert på ein motorsagmotor sørga for å heise Flæte oppover vegskråninga, og han hadde med seg ei lita elektrisk motorsag, som han til nød kunne betjene med ei hand. Dermed fikk han ned krattet som resten av gjengen flisa opp på direkten. Det som var for grovt til flising var kvista ut og lagt i veggrøfta for uthenting seinare.

I dag var det såpass kaldt da dei starta jobben at dei flytta arbeidet frå Åsbøhauan til Drivhammaren utafor Todalshaugen. Det var over 20 kuldegrader i Åsbøhauan, og difor betre å arbeide i sola på vegen innover Stranda, fortalte Bjørn Heggset som jobbar saman med gruppa no når dei i nordmørstraktane.  Arbeidsområdet er godt skilta og farten er sett på den strekninga der det er aktivitet. Kjør forsiktig forbi anleggsområdet – det kan lett skje eit eller anna når fleire mann jobbar på vegkanten.

Rett opp hammaren bar det med motorisert heiseanordning – tøfft! Foto: Jon Olav Ørsal

Rett rundt svingen heldt dei på, men det var godt skilta og nedsett fart forbi anleggsområdet. Foto: Jon Olav Ørsal

Slik er kvilestillinga – praktisk talt hengende i stroppen. Foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 1. mars 2018, 16:17