Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Beregn litt ventetid i Falla i dag…

Jon Olav Ørsal Fredag 23. februar 2018

Fredag er vegen i Falla tidvis stengt. Det er Vatn Maskinstasjon som jobber med å få på plass siste rest av steinmuren og som no driv og fyller opp bak muren. Dermed blir det litt ventetid mellom kvart lass, men det dreier seg om kanskje 10-15 minutt for kvart lass.   

Tidvis stengt utover fredagen, men «fri flyt» i trafikken i helga seier Gudmund Ola Vatn. Foto: Jon Olav Ørsal

Årsaka til at det no blir ventetid er at omkøyringsvegen er stengt frå og det er fylt på med snø, slik at den ikkje lenger er kjørbar.  Så det lønner seg altså å være ute i litt god tid, da det kan det lønne seg å ha litt god tid.  I helga blir det imidlertid «fri flyt» i trafikken, seier Gudmund Ola Vatn i Vatn Maskinstasjon.  

På vegen opp Falla er det no berre litt opprydding og ca 100 meter med rekkverk som mangler. Foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 23. februar 2018, 12:19