Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Sondre gler seg til å teste EM-forma i Dalalia

Jon Olav Ørsal Fredag 2. mars 2018

Da vi snakka med Sondre Svensli i kveld gledde han seg til å teste EM-forma i Dalalia i morgon. Han deltok i EM på Sicilia i slutten av februar som einaste norske deltakar i juniorklassen. For Sondre vart beste plassering ein 10-plass, og det er han godt nøgd med. Men laurdag er det altså Dalalia som gjeld, og det er kjempefine forhold med puddersnø og vêrgudane er i godlynne, seier rennleiar Nils Ove Bruset.

Fredag kveld var det 24 påmeldte til norgescupen i den individuelle konkurransen som har start laurdag kl 10. I påmeldingslista finn vi namn som Emilie Forsberg, og ho har med seg ei stor tropp frå Romsdal randoneeklubb og sjølvsagt da Sondre Svensli frå Eidsvåg.  Det kjem nok til å bli kamp om pallplassane i Dalalia med slike fine forhold som vi har no.

Det er også ein del påmeldingar i trimklassen – bade med og uten tidtaking.  Rennleiar Nils Ove Bruset oppfordrer alle som har lyst til å kome og bli med på starten i trimklassen som går kl 11.00.  Det er også fine forhold for publikum, så ta gjerne med ski og ta ein tur oppover lia og finn fine utsiktspunkt.

Publisert: 2. mars 2018, 23:03