Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forfattararkiv for

Vi fann 7112 artiklar i dette arkivet.


Medlemsmøte med «korona» som tema

Jon Olav Ørsal Sundag 11. oktober 2020

Tysdag 13. oktober kl 15:00 inviterer Surnadal Pensjonistlag til medlemsmøte på Thon Hotell Surnadal.  Dagens tema er koronasituasjon, og dagens foredragshaldar er kommunelege Bjørn Carsten Buan. Han har kalla foredraget sitt for:  «Hvor fri kan vi føle oss med aktivitetar i lokalmiljøet med tanke på korona og smittefare?»  – Dette er eit høgst aktuellt tema […]


Mogne druer for første gong etter 30 år

Jon Olav Ørsal Laurdag 10. oktober 2020

For omtrent tretti år sia så planta Johan Kvendset ein vinranke attmed husnova heime i Trøa. Johan har alltid vore interessert i hagebruk, og dette var nok eit forsøk som han nok tvila på at det vart noko resultat av.  Men no i haust så kom dei første mogne vindruene – etter rundt tretti års venting.


Triveleg gjenhør frå revymiljøet

Jon Olav Ørsal Torsdag 8. oktober 2020

Etter ein lang pause på grunn av koronavirusets «herjing» var Senioruniversitetet attende med samling i kulturhuset for både medlemar og andre sist torsdag. På programmet stod songmøte, med gamle revyviser som tema.  Det er nok eit veldig aktuelt tema ettersom det no blir arbeidd med å samle gamle revyviser mellom to permar.  Gamle revyveteranar legg ned ein stor jobb for å få dette på plass, og det vart signalisert at dei skal være i mål i neste år – kanskje til Vårsøghelga eller kanskje til neste haust, fortalte Eivind Holte som orienterte om stoda for dette arbeidet. 


Trossa sterk landvind og gikk til Skåkleiva

Helge Røv (tekst og foto) Onsdag 7. oktober 2020

Tirsdag 6.oktober arrangerte fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag tur til Skåkleiva i Rindal. Vi var 19 stk. Det var sterk! vind fra øst, men sola skein så forholdene var egentlig gode. De færreste av oss hadde vært der før, så dette var absolutt en kjekk opplevelse.


Matkroken Todalen: – Tysdag blir butikken stengt utover ettermiddagen!

Jon Olav Ørsal Måndag 5. oktober 2020

I samband med oppgradering av straumforsyninga og det elektriske anlegget i butikken blir vi nødd til å halde stengt tysdag ettermiddag frå kl 13.00. Deler av elanlegget er frå den tida da butikken opna på 80-talet og vi er no pålagt å skifte ut deler av anlegget med tanke på driftssikkerheit og for å få eit meir moderne utstyr med bl.a. automatsikringar i heile anlegget. Stengninga gjeld både butikken og drivstoffanlegget. 


Dette kunne gått så mykje verre…!

Jon Olav Ørsal Måndag 5. oktober 2020

Sist fredag var det full utrykking for alle naudetatar da det kom melding om brann på Talgø gard. Brann er det store marerittet som vi alle er redde for og som vi fryktar skal skje med oss – fredag skjedde det altså på Talgø gard. På Talgø gard var det ingen heime og det var det heller ikkje hos naboen, så det var ein tilfeldig forbipasserande som oppdaga og meldte brannen, fortel Anita Talgø som eig garden og som bur der. I tillegg budde det 2-3 leigebuarar i Gammelstua – dei var på jobb på Talgø MøreTre da brannen starta.



Dagen derpå med skummel landvind

Jon Olav Ørsal Laurdag 3. oktober 2020

Gjennom heile natta og utover laurdagen har det vore brannvakt på branntomta på Talgø Gard.  Det har vore ein skummel landvind som har auka i styrke utover laurdagen, og brannen har faktisk blussa opp litt eit par gonger i løpet av natta og morgontimane.  – Vi kjem til å plassere brannvakt her så lenge det er sjanse for at det skal ta fyr på ny, seier Håvard Stensønes som brannbefal i Surnadal kommune. 


Skåkleiva er neste mål for Fjellgruppa

Jon Olav Ørsal Laurdag 3. oktober 2020

For Fjellgruppa til pensjonistlaget går tyren oppå Skåkleiva tirsdag 6.10.  Vi møtes på parkeringsplassen nedafor Øyakjerka kl 10:30 og samkjører opp til Torshall. Derifrå følgjer vi bomvegen til parkeringsplass før vi går til toppen. Ta med mat og drikke og godt humør!  Tor Asle, Brage og Kristian er guidar som vanleg!  Vel møtt til alle som […]


Dramatisk brann på Talgø Gard

Jon Olav Ørsal Fredag 2. oktober 2020

I ettermiddag har Gammelstua på Talgø Gard stått i full fyr, og brannmannskapa kjempa ein periode for å berge resten av bygningsmassen i gardstunet.  Hell i uhell gjorde at den sterke landvinden løya på litt da det brann som verst og saman med iherdig innsats av brannmannskapa redda nok det både hovedhuset, 2-3 uthus og ei gammel gardssag.  Det var ikkje folk heime da brannen starta, så brannen vart meldt av tilfeldig forbipasserande. 


Ei ny årstid nærmar seg…

Jon Olav Ørsal Fredag 2. oktober 2020

Det er nok ingen grunn til panikk fordi om Mesta setter ut vegstikker langs vegkantane. Vêrmeldinga for dei neste dagane og for heile den komande 10-dagesperioden lovar temperaturar godt på plassida og lite eller ingen nedbør.  


Oppgraderer utstyret for kortbetaling av drivstoff

Jon Olav Ørsal Torsdag 1. oktober 2020

2 mann frå Wennstrøm Net har i dag vore i full gang med oppgradering av utstyret for kortbetaling av drivstoff ved HalsOil/Matkroken Todalen. Det er strengare krav til sikre betalingsrutina som krev at kortterminalen blir oppgradert. I dag er det difor skifta utstyr både ute ved pumpa og inne ved kassa på Matkroken.