Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

I natt stiller vi klokka igjen!

Jon Olav Ørsal Laurdag 27. mars 2021

I natt, nærare bestemt kl 2.00 stiller vi klokka fram ein time – til kl 3.  Da blir det sommartid og dermed blir dette døgnet ein time kortare. Sommartida vil gje oss ein time lengre og lysare sommarkveldar.  Det er ofte diskusjon om klokka skal stilles att eller fram, men her er regelen enkel og grei, for klakka skal alltid stilles mot sommaren – fram om våren og attende om hausten. 

Det har forresten vore mange meiningar om sommartid – både for å avskaffe sommartida eller innføre sommartida som permanent normaltid.  Her har EU engasjert seg og etter ei forbrukarundersøking var det heile 84 % som ønska å avskaffe ordninga.  Her blir det nok etter kvart teke ei avgjerd, og da blir nok Noreg som EØS-land med på ei slik ordning.  Vi får vente og sjå kv som blir resultatet.  

Publisert: 27. mars 2021, 19:04