Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fin utfartsdag – folk kosa seg i turstien

Jon Olav Ørsal Sundag 28. mars 2021

Sjølv om vêrmeldingane for påskehelga er berre så midti laget så kan vi iallfall skryte litt av palmesøndagen, – og folk har jammen gjort seg nytte av det fine påskevêret.  Mange har nok teke skiene fatt og hatt både Tristeinan og Bjøråskaret som mål, men det er også mange som har teke turen til Toåa tursti, der det var perfekte forhold for å nyte dagen på barmark og i solveggen på gapahuken i Båthølen.

Du må faktisk litt oppi høgda for å finne skiføret no, men det er nok mange som sett pris på at det går an å ta ut på tur på barmark. På tur opp til Ja.benken på Hyllå, trefte vi imidlertid Ormen Lange.  Må berre innrømme at ein skvetter like myke kvar gong ein treffer denne karen, som nok var doven og lat før vårsola fikk varma opp kroppen litt.  Men sakte men sikkert rømte han bort frå stien for å kome seg i skjul.  

Hyttesurndalingar frå Trondheim som tok ein kafferast i Gunnøya. Frå venstre Tove fasting, Grete Holstad og Oddvar Njåstad. Foto: Jon Olav Ørsal

I Toåa var det som sagt mange som kosa seg.  Familiane Krajewski og Øyen hadde fyrt opp bålpanna ved gapahuken i Båthølen og kosa seg med grillpølser og anna godt i solveggen.  I Gunnøya var det også «kaffelag» rund bordet – der hadde «hytte-surndalingar» frå Trondheim funne sin plass for å ta ein kafferast i sola. 

Vi får berre håpe at vi får fleire slike dagar utover påska, sjølv om ikkje yr.no imponerer så stort med sine meldingar for resten av påskehelga.  

Det var mange som nytta høvet til ein tur i friluft i det fine vårvêret. Foto: Jon Olav Ørsal

Damer på tur ved gunnøya – frå venstre Sidsel K. Heimlund, Berit Pauline Kårvatn og Åse V. Redalen. Foto: Jon Olav Ørsal

Utsikt utover Todalen. Når du kjem oppå Hyllå så får du flott utsikt som belønning! Foto Jon Olav Ørsal

Ormen Lange! Denne karen var ute for å slikke litt sol, men jammen var han treg når han skulle gjømme seg for oss. Blir vel bedre når han får litt solvarme! Foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 28. mars 2021, 13:59