Multifunkjonsbygg som feriesyssel
På vegkanten på Hauamyrå er Anton Brusethaug i gang med byggeverksemd. Vi tek ein stopp for å sjå på nybygget, som ikkje akkurat er noko storprosjekt. Men det tek iallfall form som eit nytt hus. Dette er litt feriesyssel for Anton, og han fortel at det gamle huset som stod der hadde råtna opp etter lang og tru teneste på vegkanten.