Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Heftig sommarkveld med lyn og torden

Jon Olav Ørsal Tysdag 10. august 2021

«Det lynte og gnistret i natten den sorte», seier Leif Juster i et velkjent humorinnslag.  Det kan ein vel si at det gjorde her også i går kveld? På nettsida lyn.met.no kunne ein følge med på kvar lynet slo net og etter kvart vart det mange plassar her på «indre» – heile 767 plassar var markert på kartet i løpet av ein time. Det fikk da også konsekvendar for straumleveransen frå Svorka, som var ute ei lita stund i Todalen – og litt lenger i Stangvika og andre plassar i kommunen.

Det kan nok bli litt vër av det heftige slaget i dag og. illustrasjon frå yr.no

I vêrmeldinga for tysdag er det fare for at det blir reprise på torevêret ein gong utpå dagen i dag eller kvelden, etter som tekstvarselet frå yr lyder som følger:  Møre og Romsdal og Trøndelag: Skiftende bris. Regnbyger med torden, vesentlig i indre strøk sør for Trondheim. Utrygt for tåke og lave tåkeskyer på kysten. 

Da er det kanskje lurt å være litt føre var, og koble frå litt fintfølande elektronikk – og kanskje vi kan få nokre fine lyn-bilder som vi kan publisere når «faren er over «.

Publisert: 10. august 2021, 07:10