Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Muddring av innkjøringa til båthamna

Jon Olav Ørsal Fredag 13. august 2021

I går starta arbeidet med å muddre innløpet til båthamna i Sissigrenda.  Bjørn Hauglannn som er leiar i Todalen båtforening fortel at utløpet av Toåa dregmed seg masse som legges igjen ved innløpet til båthamna, og dette blir rekna som vedlikehald som må gjerast ein og annan gongen.  Det er Per E. Gjeldnes Maskin som er utøvande entreprenør for dette prosjektet.

Bjørn Hauglann er leiar i Todalen Båtforening. Frå tid til anna må vi drive litt vedlikehald i hamna, seier han. Foto: Jon Olav Ørsal

Hauglann fortel vidare at alle plassane i hamna er leid ut, og det står faktisk folk på venteliste for å få båtplass.  Dersom hamna skal utvides så blir det eit stort prosjekt, for da må hamna utvides og innkjøringa snus mot nord. Dette blir eit stort og dyrt prosjekt som må planleggjast på sikt.  I denne omgangen er det berre eksisterande innkjøring til hamna som blir ordna og ingen nye båtplassar.  I løpet av hausten vil det også bli litt vedlikehaldsarbeid og utskifting av utstyr som det etter kvart har vorte slitasje på. 

Hamna ligg ved utløpet av Toåa. Elva dreg med seg mykje masse som legges att når elva møter sjøen og farten bremsa opp. Foto: Fredrik Sogge

Publisert: 13. august 2021, 09:56