Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Innspurt på laksefisket – søndag er siste dag i Toåa!

Jon Olav Ørsal Laurdag 14. august 2021

Komande døgn er det finale for laksefisket for i år – søndag kl 24:00 er det definitivt slutt for i år i Toåa for i år.  Fisket har den siste tida vore sterkt prega av lita vassføring og dermed vanslege tilhøve for laksefiskarane.

Vassføringa nedafor Storfossen nå i ettermiddag – rundt 20 m3/sek. Foto: Jon Olav Ørsal

Det siste døgnet har det imidlertid regna jamnt og trutt, og vassforinga i Toåa har auka frå knappe 2 m3/sek fredag kveld til nærare 20 m37sek no i ettermiddag.  På ein runde rundt bygda observerte vi berre eit par fiskarar som bruka fiskestanga.  Ein kan nok rekne med at vassføringa berre aukar utover kvelden og natta, men det er meldt lettare vêr på morgonkvisten søndag.  

Publisert: 14. august 2021, 16:23