Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Taekwondoleiren er midtveis – drog til Todalen på sosial kveld

Jon Olav Ørsal Torsdag 5. august 2021

Taekwondoleiren på NoFo i Surnadal er småskala når vi samanliknar med tidlegare år.  Men det er ei stor skritt framover for oss, for i fjor sommar var heile arrangementet avlyst.  I år er det rundt hundre som deltek – faktisk berre ein tidel av vanleg aktivitet i løpet av sommaren, men gleda over å være i gang igjen er større enn nokon gong, seier leirsjef Kjell Gunnar Polden til Todalen.no

Butikken på låven – her var det puljevis innslepp i beste smittevernstil. Foto: Jon Olav Ørsal

Vi har derfor lagt lista høgt når det gjeld smitteverntiltak for arrangementet. Det merka vi fort når vi var med gjengen på den sosiale turen til Todalen onsdag kveld. Kjell Gunnar Polden var den sjølvskrivne leiaren for turen som starta frå NoFo, men hadde første topp i Svinvika. Der vart det orientert om aktivitetane på Svinviks arboret, Svinvik Gard og i tillegg 3 generasjonar med bilveg gjennom Kleiva.

Neste post var Todalshytta der det ikkje var stopp, men derimot vart det ein lang stopp på Kårvatn. Her vart det moglegheit for puljevis visitt på Kårvatn Fjellustyr, før turen fortsette til Nauståfossen. Lite vatn i fossen i kveld, men likevel eit prektigt fossefall som imponerte mange.

Kjell Gunnar Polden orienterte om gammelfabrikken, Talgø og Talgøfamilien til eit lydhørt publikum. Foto: Jon Olav Ørsal

På turen attende til Surnadal var det stopp på Gammelfabrikken, der det vart ein kaffedråpe og litt informasjon om Gammelfabrikken, Talgø og Talgøfamilien si historie.  Ei lita kulturell overrasking vart det også – to som er med på leiren er habile musikarar – Vibeche Møkklegard traktert piano og Marianne Lie cello.

Dei to starta med «Svanen», og jammen fekk dei med seg Kjell Gunnar Polden som solist på «E slåttatæja».  Polden forklarte innhaldet i teksta og drog sågar samanlikning med Taekwondos ideologi. Dette vart så bra at dei tre måtte blø med eit ekstranummer, nemleg «Vårsøg», før turen gjekk attende til Surnadal.

Kulturelt innslag som overrasking Vibeche Møkklegard, Kjellgunnar Polden og Marianne Lie gjorde lykke med Hyldbakktekster. Foto: Jon Olav Ørsal

Bakelspressa gjekk i eitt – Anita Talgø og Karen Johanne Talgø sørga for noko å bite i til kaffen. Foto: Jon Olav Ørsal

Først publisert: 5. august 2021, 05:00 - Sist oppdatert: 4. august 2021, 21:17