Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kallastua – torsdag opnar utstillinga…

Jon Olav Ørsal Onsdag 4. august 2021

Torsdag kl. 17 opnar utstillinga i Kallastua, og da får vi sjå resultatet av restaureringsarbeidet som har vore gjort no i sommar. Som mange hugsar var det eit rom på hotellet som dei kalla Kallarommet.  Her måla Kalla Skrøvseth i si til maleri rett på veggane. Da den delen av hotellet vare revet for nokre år sia vart denne kunsten teke vare på, og altså no restaurert.

Det er Odd Ingar Skrøvseth som har leia dette arbeidet, saman med Olav Karlstad. Det store veggmåleriet er delt opp i fleire maleri som no er sikra og montert i rammer. På opningsdagen vil Skrøvseth ta for seg «hotellkunsta» og fortelje kva som er gjort og litt om historia til Kallarommet som det vart kalla.  

Livshistoria er like imponerande som kunsten, seier Lars Skrøvseth som skal fortelje om utanlandsverksemda til Kalla Skrøvseth. Foto: Jon Olav Ørsal

Vidare vil Kallas mange reiser til utlandet være tema i år. Ho reiste mellom anna til søstera Signe som var i Beijing på 1940-talet. Ho var forresten mange turar til utlandet – vi kan rekne opp både Taiwan, Mexico, Roma, Capri og ein periode i Petersburg i Alaska.  Livshistoria til Kalla er mesta like imponerande som kunsta hennar, seier Lars, som vil ta for seg denne delen av Kalla si historie før dei stengjer dørene den 22. august dom er siste opningsdagen.

Program for opningsdagen:

15:00 Vi opnar dørene

17:00 Lars Skrøvseth ønskjer velkomen til utstilling

             Varaordførar Hugo Pedersen opnar utstillinga

             Odd Ingar Skrøvseth presenterer prosjektet og kunsta, med side kommentarar

             Mingling

19:00 Vi stengjer dørene

Dette er også kjent kunst. Disse vart «berga» da den gamle delen av Øye skule vart revet nyleg. Dei hong i hallen mellom blå- og gulbygget. Foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 4. august 2021, 15:07