Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forfattararkiv for

Vi fann 7116 artiklar i dette arkivet.


Saniteten: – Alle strikka for Ukraina

Jon Olav Ørsal Laurdag 5. mars 2022

Laurdag var det ny strikkekaffe i Sanitetshuset.  Det vart ein litt spesiell strikkekaffe denne gongen, for no strikka vi på oppfordring til flyktningar frå Ukraina som sannsynleg vis er like rundt hjørnet.  Da er det huver, vottar, lestar og skjerf som står på programmet, fortel Åse Redalen i Todalen Sanitetsforening til Todalen.no



Røde Kors: Gi så det svir

Jon Olav Ørsal Fredag 4. mars 2022

Røde Kors mobiliserer no for Ukraina saman med Coop.  Det hastar med å kome i gang med hjelp til Ukraina – først og fremst er det pengar det er behov for, og Røde Kors har difor starta innsamlingsaksjon i lag med Coop.  For å få det til å gå fort har Coop gjeve 10 millionar til denne aksjonen, og i tillegg har dei mobilisert butikkane til innsamlingsaksjon i butikkane.


Sparebank1 Nordmøre: Stor interesse for næringslivsdagen

Jon Olav Ørsal Fredag 4. mars 2022

No er det 2 år sia det sist var arrangert næringslivsdag i bankens regi, og årets arrangement er nummer 18 i rekkja. I fjor vart det ikkje noko arrangement på grunn av pandemien, men i år blir det – og årets arrangement er etterlengta, fortel Liv Dalsegg og Ole Magnus Løwe hos Sparebank1 Nordmøre i Surnadal.


Haukåbrua – snart klart for støyping

Jon Olav Ørsal Torsdag 3. mars 2022

Vi har tidlegare omtalt at arbeidet med renovering av Haukåbrua har vorte meir omfattande en ein først trudde.  Det er  Asbjørn Myrkaskog frå BMO Entreprenør, som fortel at dei no nærmar seg slutten på forskalingsarbeidet og er klare for å starte støypearbeidet.  Kanskje blir det betongarbeid alt på laurdag, dersom dei kan få betong da?


Kyrkja i solidaritet

Tekst og foto: Bernt Bøe Måndag 28. februar 2022

I kyrkjene verda over er gudstenestene i desse dagar prega av solidaritet med Ukraina. Slik også hos oss i Todalen kyrkje søndag. Vel ligg den allmenne gudstenesteramma fast og uendra uansett skiftande tider. I den har jo livets skiftande vilkår alltid sin plass. Men denne dagen var bøner, takkoffer, song og musikk særleg prega av det vonde som skjer i det søraustlege Europa og av solidaritet med dei lidande. 


Randorenn og litt omkring – sjå om du ser kjentfolk

Jon Olav Ørsal Sundag 27. februar 2022

Under skirennet i helga vart det fotografert litt rundt omkring og  i tilleg har vi fått bilder med mange bidragsytarar som vi ikkje har hatt høve til å vise. Derfor har vi laga bildegalleri der vi presenterer nokre av bileta, og der du kan bla gjennom i ro og mak.  Kanskje er det nokon du kjenner som er med på bileta – eller du berre har lyst til å sjå.  Til alle bidragsytarar seier vi tusen takk og håper at dei kjem til sin rett her i galleriet.


Kårvatn Skimo 2022 – Jonathan Albon vart raskast i Dalalia

Jon Olav Ørsal Sundag 27. februar 2022

Under søndagens konkurranse i vertikal var det Jonathan Albon som var raskast til topps på tida 24.14,9, medan gårdagens vinnar Vegard Øie kom på 2.-plass med 24:26.8 – eller 11,9 sekund etter. På tredjeplass kom Petter Engdal med tida 25:55.1.


Kårvatn Skimo: Vellukka individuell i Dalalia

Jon Olav Ørsal Laurdag 26. februar 2022

Vegard Øie gikk til topps i laurdagens konkurranse i individuell på Kårvatn. Vegard leia næast frå start til mål, men fikk kamp heilt til målstreken av Jonathan Albon som kom i mål berre 6 tideler etter Øie.  – Spenning var også knytt til Erik Kårvatn på heimebane.  Han fikk ein fin 2.-plass, 2,42 etter Trym Dalset Lødøen i mål.


Snart klart for start på Kårvatn Skimo…

Jon Olav Ørsal Laurdag 26. februar 2022

I dag er det start for Kårvatn Skimo i Todalen.  Det er mye snø og godt føre, og vêrgudane ser ut til å være på arrangørens side når startskotet går kl 11 for individuell NC og ungdomscup og kl 10 for trim- og turklasse. Dagens løype er litt tilpassa vêr- og føretilhøva, og vil bestå v 1650 høgdemeter – U20 og trim vil være 1400 meter og trim-/ungdom får 900 høgdemeter.


Saniteten med tradisjonell markering av fastelavn

Jon Olav Ørsal Fredag 25. februar 2022

Fredag og laurdag markerer Todalen Sanitetsforening fastelavn med sal av fastelavnsrid og fjær utafor butikken til Matkroken Todalen.  Vi trefte Åse V. Redalen og Karen Johanne Talgø som var i full gang med salet, og her kunne du kjøpe bukettar med fastelavnsrid – eller fjær for å pynte treet som står ved vegen mellom attmed […]


Kårvatn Skimo 2022 i startgropa

Jon Olav Ørsal Fredag 25. februar 2022

I helg går Kårvatn Skimo 2022 av stabelen, og sjølv om vêrgudane lagar utfordingar for arrangøren Trollheimen Fjellsportklobb så går arrangementet nærast som planlagt.  Gudmund Kårvatn fortel at løypemannskapet er i fullt arbeid med merking og rydding av løyper og skiftesoner.  Vêr og føretilhøva har gjort at ein må legge om løypene og unngå å bruke toppane, men heller bruke Dalalia i større omfang.  Med andre ord blir det to turar opp Dalaia i staden for topptur til Tydalsnebba, men det blir slett ikkje mindre krevjande, seier Gudmund.