Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Sosial strikkekaffe i det sure vårvêret

Jon Olav Ørsal Laurdag 14. mai 2022

I dag var det sesongens siste samling med strikkekaffe i Sanitetshuset.  Med regn, vind og nysnø i fjella var det nok godt å ha ein inneaktivitet å ty til, og strikkekaffen samla da eit lite tjetals deltakarar – mest for å være sosiale og gjæra ting i lag.  På strikkekaffe kan du delta sjølv om du ikkje strikkar eller har anna handarbeid – alle er velkomne hit. På dagens samling var det stor spennvidde i alder – faktisk frå 0 til 101 år, og heile gjengen såg ut til å trivast i lag.

Sjølvsagt høyrer det med at det skal være litt traktering, og kaffekanner og to flotte kaker var på plass. Servitørane ga uttrykk for at kakene var delvis mislykka, men vi tykte dei var både fine og iallfall velsmakande.  Og da er vel hensikten oppnådd?

Eit lite lynlotteri hører med når det arrangerast strikkekaffe. Foto Jon Olav Ørsal

No blir det altså pause med strikkekaffen fram til det blir mørke haustkveldar i gjen.  Sommartida er nok folk opptekne med andre aktivitetar, og etter langtidsvarselet å dømme så kan vi vel forvente at det blir litt sol og varme etter kvart – sommarvêret er iallfall etterlengta no.  

Sosial samling med eller utan handarbeid – triveleg var det iallfall! Foto Jon Olav Ørsal

Publisert: 14. mai 2022, 14:03