Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forfattararkiv for

Vi fann 7047 artiklar i dette arkivet.


Påskesongmesse i Åsskard kyrkje

Jon Olav Ørsal Måndag 11. april 2022

Etter to års koronapause inviterer Åsskard kyrkje igjen til Påskesongmesse langfredag kveld klokka 19.30. Prest Cathrine Grutle, koret «Prosjekt 17», organist Bernt Bøe, lesarar og instrumentalistar tek forsamlinga med på ei tekstleg-musikalsk temavandring frå palmesøndag til påskemorgon


Todalen Camping førebur seg på ny sesong

Stig Husby Sundag 10. april 2022

Vi har fått melding frå Todalen Elveeigarlag og formann Asbjørn Karlsen om at Todalen Camping førebur seg på ein ny sesong. Det planleggast opning frå 1. mai i år, og campingplassen vil bli dreve av Todalen Elveeigarlag


Søndagsope – og klart for ein ny vår..

Jon Olav Ørsal Sundag 10. april 2022

Med «vêrbruket» som har vore dei siste dagane, så er det ikkje akkurat våronn med utplanting av blomster og kjøp av hagemøblar som ligg fremst i dagsplana. Men etter ein periode med dårleg vêr så kjem det alltid ein periode med bra vêr, og da er det bra å være litt førebudd! På Hageland Surnadal har dei jobba med våren i sikte dei siste par månadene, og no er det meste på plass i butikken. I helga markerast starten på ein ny vårsesong med søndagsopen butikk og nye opningstider – på Hageland blir nemleg butikken open heile påska!


Stor skredfare i Trollheimen i dag

Jon Olav Ørsal Sundag 10. april 2022

I dag er det eit klart bodskap frå varsam.no – Unngå alt skredterreng! Mykje snø og kraftig vind gjer at det kan gå svært store og naturleg utløyste snøskred. Det store snøfallet i går og blaut, tung snø kombinert med regn har gjort at skredfaren i dag er på raudt nivå for Trollheimen.


Innspurt for russerevyen «Surnadalsrussen på filmkveld» i kveld

Jon Olav Ørsal Laurdag 9. april 2022

I kveld er det tredje og siste sjanse for å sjå framføringa av russerevyen «Surnadalsrussen på filmkveld». Det har vore godt billettsal til revyen, men dersom du er kjapp så er det enno nokre få billettar ledige til kveldens førestilling, som startar kl 18:00. Vi hadde gleda av å få med oss førestillinga fredag kveld, og hadde ei fornøyeleg stund med skikkeleg god underhaldning frå scena



Årsmøte i rekordfart

Jon Olav Ørsal Onsdag 6. april 2022

Årsmøtet i Todalen.no var gjort unna i rekordfart – årsmøtesakene gikk kjapt unna med styreleiar Stig Husby som møteleiar på årsmøtet. Både årsmelding, rekneskap og revisjonsrapport vart godkjent uten kommentarer viste at selskapet har orden på både økonomi og drift.


Fasteaksjonen – stor givarglede

Jon Olav Ørsal Tysdag 5. april 2022

Tysdag kveld var årets- og fjorårets konfirmantar ute med bøssene som deltakarar i ein landsomfattande fasteaksjon i regi av Kirkens Nødhjelp. Gjengen som var rundt i heimane på innsamlingsrunde rapporterer om stor givarglede, seier leiar i Todalen sokneråd, Kristian Gjeldnes


Kaffekroken investerer i ny moderne kaffemaskin

Jon Olav Ørsal Tysdag 5. april 2022

Det dufta godt av nykverna og nybrygga kaffe i kaffekroken i dag. Firma Nybrå Agentur var her og leverte ny og moderne kaffemaskin som erstatta den gamle i kaffekroken. Den nye kaffemaskina nyttar heile kaffebønner og bryggar kopp for kopp på «bestilling» – og det skjer på Friele kaffe.


Jaktfeltstemne på Angråmyra skytebane

Jon Olav Ørsal Måndag 4. april 2022

Surnadal JFF minner om jaktfeltstemne på Angråmyra laurdag 9. april – påmelding  ved frammøte i tidsrommet frå kl 10 til kl 12.  Arrangøren oppfordrar lokale jegrar til å ta med jaktrifla og til å delta i jaktfeltskytinga.  Klasser både for profesjonelle jaktfeltskyttere og jegerklasser med jaktrifle.    


NKS – ny fylkesleder på plass

Jon Olav Ørsal Sundag 3. april 2022

I helga har det vært fylkesårsmøte i NKS Møre og Romsdal. Der ble det blant annet valgt ny fylkesleder, da fylkesleder gjennom de siste 8 årene, Ellinor Bolme, ønsket avløsning. Ny fylkesleder ble Britt May Hollås fra Surnadal Sanitetsforening. Les pressemeldingen fra fylkesårsmøtet som er gjengitt nedenfor.


Espen Lind kjem til Bøfjorden i haust!

Jon Olav Ørsal Sundag 3. april 2022

Er du fans av Espen Lind, så kan du få treffe idolet ditt på Leikarvollen Scene i Bøfjorden.  Da kjem han nemleg til Bøfjorden, og no kan du sikre deg billett til den kjente og kjære artisten.  Etter ein lang koronapause kjem Leikarvollen Scene no i gang at med ny konsert. Espen Lind har vore […]