Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arboretet: – Gudsord i friluft

Jon Olav Ørsal Sundag 21. august 2022

Soknerådet hadde is i magan og arrangerte friluftsgudsteneste i Svinviks arboret.  Men det var ikkje så lenge etter at gudstenesta var ferdig, før dei første regndråpane gjorde sitt inntog. Det har faktisk vorte faktisk tradisjon å arrangere friluftsgudsteneste i arboretet, og i år var det faktisk eit trettital som kom og vart med på gudstenesta. 

Bernt G. Bøe hadde med seg el-orgelet, og det fungerte godt. Foto Jon Olav Ørsal

Soknerådet hadde rigga til med både alter og kors framfor inngangen til kafeteriaen, og messingklokka var hengt opp i eit tre like ved, og som vanleg var det John Moe som sørga for ringinga. Bernt Bøe var dagens organist, og hadde med seg det eit lite el-orgel som gjorde nytta godt.  Improvisere måtte også Randi V. Bøe som var hyra inn som tekstlesar/klokkar  på sparket.  Suknepresten i Surnadal, Vidar Rygh var vikarprest for høvet denne dagen.  Takkoffer til kyrkjelydsarbeidet – vil du vere med og bidra så kan du framleis vippse til 506908.  

Randi Vetlesæter Bøe vart innhyra som tekstlesa/klokkar og laga seg notatar på frihand. Foto Jon Olav Ørsal

Etter gudstenesta vart det servert kykjekaffe, og det vart tid for å slå av ein prat før folk snudde nasen heimover igjen. 

Gudsteneste med improvisert alter, klokke og kors framfor inngangen til kafeteriaen. Foto Jon Olav Ørsal

Soknepresten i Surnadal var vikarprest under gudstenesta i Svinviks arboret. Foto Jon Olav Ørsal

Publisert: 21. august 2022, 13:58