Presis kl 11 stakk hovudfeltet til fjells fra startportalen utafor butikken til Kårvatn Fjellutstyr. Hovudfeltet er alle som løper 15 km konkurranse og alle på 27-km trasèn. Begge er heilt nye trasèar som det er knytt stor spenning til. Først ut var Erik Kårvatn som også skal forsvare fjorårets seier, og det er nok ingen bakdel å være lommekjent i området.
![](https://todalen.no/wp-content/uploads/2022/08/GudmundKarvatn_9329.jpg)
Briefing før start – Gudmund Kårvatn orienterer om den nye trasèn som han har store forventningar til. Foto Jon Olav Ørsal
I hovudfeltet var det rundt 40 deltakar som stakk til fjells – vi skal prøve å få inn litt mellomtider etter kvart som løpet går sin gang. Spente er vi også på kva som blir løyperekord for både kort og lang løype – det får vi nok ikkje svar på før de kjappaste er i mål.
![](https://todalen.no/wp-content/uploads/2022/08/Heiajeng_9353.jpg)
Heiagjeng – Ola og Martinus Kårvand var fast bestemt på å stille i familieklassen neste år. Bra det kjem litt rekruttering! Foto Jon Olav Ørsal
![](https://todalen.no/wp-content/uploads/2022/08/Ekspertpanelet_9376.jpg)
Ekspertpanelet – Jostein, Fredrik og Ragnar trur løyperekordane blir rundt 3 timar på 27 km-løypa og vel 1,5 time på 15 km-løypa. Foto Jon Olav Ørsal