Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forfattararkiv for

Vi fann 2741 artiklar i dette arkivet.


Søknadar og priskandidatar

Elinor Bolme Fredag 1. april 2016

Kultureininga i Surnadal kommune deler årleg ut både tilskudd og prisar. I den anledning har vi fått ei lita påminning om kva ulike lag og organinsasjonar kan søkje på. Og ikkje minst, komme med forslag på årets Kleivaprisvinnar.


Vårdag på Felleskjøpet

Elinor Bolme Fredag 1. april 2016

Felleskjøpet i Surnadal melder om stor vårdag førstkommande tirsdag. Her blir det traktordemonstrasjon og mange gode tilbud.


6. mann på plass

Elinor Bolme Torsdag 31. mars 2016

Etter vel eit år med berre fem mann i brannvesenet i Todalen, er no ein ny mann ansett og korpset er fullbemanna igjen. Anders Ansnes Karlsen er no frå 1. april klar til å rykkje ut ved brann og andre nødvendige oppdrag. For ein brannkonstabel er ikkje riktig som det var før i tida. No har brannmannskapet også ansvar for eigen hjartestartar, som er registrert hos AMK.


BBK tar sikte på seier mot Halsa

Elinor Bolme Torsdag 31. mars 2016

Fredag 15. april kl. 11.00 blir det et lokaloppgjør i Innebandy mellom Halsakameratene mot Bårdshaugen Ball-Klubb utenfor kantina på sjukeheimen i Surnadal. På begge lagene er det brukere fra sykehjemmet, dagsenteret og omsorgsboliger, skriver Folkehelsekoordinator i Halsa, Trine Kristiansen Glåmen i en epost i dag.


Micke inspirerte store og små

Elinor Bolme Onsdag 30. mars 2016

Fullt hus og trøkk frå første åpningsminutt sette dei frammøtte til sesongkickoff i fotball-leiren i IL Søya i rett stemning i kveld. Dette er blitt den årvise kvelden der alle barne- og ungdomslag i klubben blir presentert saman med trenarar og lagledarar. I tillegg er det påspandert pizza og drikke med uhøgtidleg quiz til, som av og til an bli rett så høgtidleg. I år har klubben, saman med både Todalen og Kvass/Ulvungen rundt 110 ungar i aksjon fordelt på 8 lag, som har som mål å skape gode fotballminner.


Terje Haugen takkar for seg som leiar

Elinor Bolme Onsdag 30. mars 2016

Under gårsdagens årsmøte i IL Søya vart det endringar på toppen, da leiar Terje Haugen ikkje tok gjenvalg etter fem år som lagets leiar. Ny leiar vart Ann-Elin Stenberg, førøvrig den 2. kvinnelege leiaren i idrettslagets 97. år lange historie. Ho tek over eit velfungerande idrettslag med mange gode og arbeidssomme undergrupper skriv IL SØYA på si heimeside.


Jubileumsfest for Todalen Sanitetsforening

Elinor Bolme Tysdag 29. mars 2016

Påmedingsfristen til Todalen Sanitetsforening si 100-årsmarkering nærmar seg. Bli med på ei verdig markering oppfordrar styret i arrangementskomiteen.


Feil svar gir i år 1. premie…

Elinor Bolme Tysdag 29. mars 2016

Årets påskekrim er over og vi har fått inn fleire gode forslag på løysing. Desverre var det ingen som var like djerv som frøken Bladfyk og klarte å finne løysinga som var sjølvaste ordførar Lilly Gunn Nyheim. Fleire hevda til og med at Lebrekk Bladfyk hadde teke feil!


Sesongkickoff med Micke

Elinor Bolme Tysdag 29. mars 2016

Onsdag 30. mars kl 18.30 er det klart for årets sesongkickoff for Idrettslaget Søya. Da inviterer fotballgruppa alle fotballvenner (spelarar, lagledarar, trenarar, foreldre) i Søya til eit spennande arrangement på Surnadal ungdomsskole.

Her blir det høgtidelig presentasjon av alle spelarane (med ein liten overraskelse til alle), lagledarar og trenarar.




Svanefjorden – eller pøblar med polsfot, del 4

Guro Redalen Laurdag 26. mars 2016

Éi svanesak hadde ikkje Bladfyk fått med seg tidlegare. Med stor interesse las ho at Kårvatn fjellutstyr no hadde inngått ein eksklusiv avtale med den tidlegare svenske skilauparen Gunde Svan. Samarbeidet skulle knytast til ein eigen randonee-kolleksjon med velklingande namnet Rainj du ne.