Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forfattararkiv for

Vi fann 1028 artiklar i dette arkivet.


Stor oppslutning om påskebasaren på Nordvik

Dordi Jorunn Halle Tysdag 16. april 2019

Påskebasaren på Nordvik samla mykje folk, inne var Forsamlingshuset var stappfullt, og utanfor var det full fart med ein skokk ungar som leika gjømsel. Det er tydeleg at Nordvik er vekstområde, og etter kvart som byggefeltet på Øygarden fyllest opp, kan nok Forsamlingshuset bli i minste laget.


Finverstur på Nordvik

Dordi Jorunn Halle Måndag 8. april 2019

Måndag 8. april kom med retteleg finver og sol, om enn litt skarp og kald luft, og det vart ein kjempefin Kløvertur utover etter Haltbakkvegen på Nordvik.


Kløvertur uti Haltbakkan på Nordvik

Dordi Jorunn Halle Sundag 7. april 2019

Sanitetsforeninga inviterer til Kløvertur måndag 8. april. Da går turen på Nordvik, frå Sjøleet og etter vegen utover til Haltbakkan, fin grusveg og ikkje bratt. Start frå Matkroken/Hals kl. 11.00.


Triveleg på Fredrikkekaffe

Dordi Jorunn Halle Laurdag 6. april 2019

Mange tok turen innom Sanitetshuset laurdag ettermiddag; det er kjekt å møtast til triveleg samvær og kaffelag. Strikkepinnane gjekk flittig; her vart det strikka både kjolar, teppe, vottar, lestar, kofter og kopptuer.


Strikkekaffe i Sanitetshuset

Dordi Jorunn Halle Fredag 5. april 2019

Todalen sanitetsforening inviterer til Fredrikkekaffe i Sanitetshuset laurdag 6. april i tidsrommet 13.00 – 16.00. Her er alle velkomne til sosialt samvær med eller utan handarbeid.


Hugs: Kløvertur på måndag!

Dordi Jorunn Halle Laurdag 30. mars 2019

Sanitetsforeninga minner om at det er Kløvertur måndag 1. april. Oppmøte ved Hals og start derifrå kl. 11.00.



Heider til unge idrettsutøvarar på årsmøtet til Todalen idrettslag

Dordi Jorunn Halle Torsdag 28. mars 2019

Leiar i Todalen idrettslag, Nils Ove Bruset, var stolt da han på årsmøtet kunne gi heider til to unge og talentfulle idrettsutøvarar frå Todalen. Dei to har i ein alder av 15 og 16 år alt konkurrert i utlandet i løpet av vinteren. Sindre Bruset deltok i januar i Open Dutch i taekwondo i Nederland, og Erik Kårvatn var med på landslaget i rando-VM i Sveits i mars.


Strikkekaffe på laurdag – kjem du?

Dordi Jorunn Halle Torsdag 21. mars 2019

Todalen sanitetsforening inviterer til Fredrikkekaffe i Sanitetshuset laurdag 23. mars i tidsrommet 13.00 – 16.00. Her er alle velkomne til sosialt samvær med eller utan handarbeid.



Todalsgutar deltok i Svorka-kaurusellen

Dordi Jorunn Halle Fredag 15. mars 2019

Torsdag 14. mars vart det siste rennet i Svorka-karusellen arrangert på Nordmarka skisenter. Fem gutar frå Todalen har vore med på dei fleste av dei fem renna i vinter, og torsdag vart det premie for innsatsen. Alle fekk medalje, turkopp og «skiband» for å binde saman skiene under frakting.


Riktig god trimøkt!

Dordi Jorunn Halle Måndag 11. mars 2019

Måndag 11. mars var det ny vri på Kløverturen i Todalen sanitetsforening – da var det invitert til innetrim i Sanitetshuset med fysioterapeut Ingrid Kvendset Ulset som instruktør.