Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fin og god turdag på Kårvatn!

Dordi Jorunn Halle Måndag 3. juni 2019

Etter ein lang periode med surt og kaldt ver vart det endeleg varme og godver igjen; kjekt for Kløverturgjengen som første måndagen i juni tok turen til Kårvatn. Her var målet å gå frå «Fjellgarden i Trollheimen» og innover til hyttefeltet og Sagstuå.

Ingrid, snart 93 år, i rask marsj mot Sagstuå. Foto: Dordi J H

Dette er ein riktig så god trase for Rusletur, fint og flatt; men terrenget rundt – med fjell, foss, elv, knallgrøn skog, gamle bygningar og dyr på beite – er berre så vakkert og flott! Kjøle triveleg å gå tur her!

Helga ønsker alle velkomne! Rundt bordet frå venstre: Ingrid, Kitty, Grete og Eli. Foto: Dordi J H

Stort og triveleg kaffelag! Foto: Dordi J H

Alle kom vel fram til Sagstuå, der venta Helga på turfølgjet. Ho hadde dekt opp til alle på verandaen og serverte nydelege, heimebaka bollar og kanelsnurrar! Kaffien var koka på kjele og smaka ekstra godt. Det vart ei kjøle triveleg og god stund rundt kaffibordet.

Folk rusla rundt både inne og ute og tykte det var stor stas å få kome til ein slik fin plass; ein ny plass for mange i turfølgjet. 

Dette vart ein fin dag med gode opplevingar for alle som var med på Kløverturen! Slike dagar gjer så godt!

Så: Tusen takk til Helga!

Takk for oss! Frå venstre: Dordi Jorunn, Karen Johanne, Kari, Dordi, Kitty. Foto: Marit S S

Neste måndag, 10.juni, er det ikkje Kløvertur da det er pinsehelg. Men det blir både Kløvertur og ny Rusletur før det blir sommarferie.

Her er fleire bilete frå KøverRUSLEturen:

Triveleg turdag! Frå venstre: Dordi, Kitty, Kari, Ingrid, Synnøve, Jorunn H, Helen, Eli, Dordi, Ingeborg, Arndis, Karen Johanne, Marit, Åse Johanne. Foto: Dordi J H

Somme tok turen inntil Nauståfossen. Foto: Jorunn Ø

Dordi og Synnøve kosa seg i fine omgivelsar! Foto: Dordi J H

Før ein kjem til Sagstuå, må ein gå over Sagbekken! Foto: Dordi J H

På «Fjellgarden i Trollheimen» kan ein møte både eksotiske og meir kjente dyr! Foto: Dordi J H

 

 

Publisert: 3. juni 2019, 22:34