Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Triveleg Kløverturtreff!

Dordi Jorunn Halle Måndag 27. mai 2019

Måndagar klokka elleve er det Kløverturtid både for rindalingar og todalingar, og dermed vart det Kløverturtreff i Svinvikrunden. Det vart skikkeleg triveleg!

i midten står dagens eldste turdeltakar, Brit. Foto: Dordi J H

Rindalingane har lagt ut Kløverturprogrammet sitt på nett, og da todalingane oppdaga at dei skulle ta turen uti Todalen og gå Svinvikrunden, vart det bestemt å treffast og gå tur i lag. Rindalingane var mange, den yngste sat i barnevogn og den eldste fyller snart 89 år, ho Brit Stokke. Ho gjekk heile Svinvikrunden, lett på foten! I starten syntest ho tempoet var litt labert, det gjekk så sakte at ho ikkje heldt varmen i motbakkane. Brit kunne og fortelje at før i tida var det slik at når måsen kom flygande oppover Rindalen, så var det det eit varsel om at no kom det snart regn!

Turgjengen oppe på Kammen. Helle går gjerne på tur, i dag var både veslebror, mor og bestemor med på turen. Foto: Dordi J H

Somme tok kaffipausen ved det gamle kvenhuset til Nestua på Hjellnes. Det er flytta ned på Kammen frå Hjellenselva. Foto: Dordi J H

Det vart felles kaffipause oppå Hjellneskammen, ikkje plass for alle rundt bordet, men alle fann seg plass og nokon å prate med. Her var det mange som møtte gamle kjende, enten frå husmorskuletid for snart 50 år sidan, frå arbeidslivet eller slekt; gjensynsgleda var stor.

Dei fleste gjekk tilbake til Svinvika etter vegen langs sjøen slik at rindalingane fekk kjenne lukta av saltvatn og fekk med seg alle vegtraseane frå Todalen og ut til Svinvika, vegprosjekt frå tre ulike århundre!

Veret vart over all forventning; litt surt og kaldt, men nesten ikkje regn.

Og etter eit vellykka Kløverturtreff i Svinvikrunden, så vart det avtala at seinare i sesongen blir det rindalstur for Kløverturgjengen i Todalen.

Neste måndag blir det Kløverrusletur, i alle fall viss veret er bra.

Fleire bilete frå ein kjekk turdag:

Dagens yngste turdeltakar var Allan. Han var blid og fornøgd. Foto: Dordi J H

Koseleg å vera mange i lag på tur! Foto: Dordi J H

Frodig i Gammelvegen – han vart ferdig i 1896. Jean og Berit er ivrige turgåarar. Foto: Dordi J H

Jorunn fortel og forklarer; her i vegen som vart ferdigstilt i 1938. Inne i berget går tunnellen frå 2001. Foto: Dordi J H

 

 

Publisert: 27. mai 2019, 17:06