Årsmøte i Todalen sanitetsforening
Todalen sanitetsforening melder at det blir årsmøte torsdag 25. februar kl. 18.30 i Todalen sanitetshus.
Påmelding
Vi fann 1024 artiklar i dette arkivet.
Todalen sanitetsforening melder at det blir årsmøte torsdag 25. februar kl. 18.30 i Todalen sanitetshus.
Påmelding
Todalen sanitetsforening ønsker alle eit riktig godt nytt år!
Det vart ein tung start på året 2021; men vi må å sjå framover med håp og optimisme er helsinga frå sanitetsforeninga.
Frå Visit Nordvest har vi fått pressemelding om at dei no har fått 7 nye «turambassadørar», og mellom dei er det to frå Todalen: Torry med matmor Astrid Longva Kvendset og Oda Halle.
For en tid tilbake søkte vi etter ambassadører som kan være med og vise frem hva Nordmøre og Romsdal har å by på. Vi fikk mange gode søkere, og er glade for at det er så mange som har lyst til å være med å dele gode opplevelser fra området vårt. Vi har nå valgt ut de som skal være de offisielle ambassadørene, og gleder oss til å samarbeide med denne fine gjengen! Bli litt bedre kjent med Nordvestambassadørene 2021 her:
«I nesten 20 år hadde Østbøen og Østbødalen eit offisielt namn som ingen bruka». Første artikkelen i årsskriftet til Stangvik historielag er historia om ei heilt spesiell og interessant namnesak. Årsskriftet har eit svært variert og interessant innhald; både eldre og nyare historie og med korte stubbar, dikt, rim og regler og lengre artiklar og med innhald frå alle grendene i gamle Stangvik kommune.
Slik tida er no er, blir det heller ingen sosiale samlingar på Nordvik i adventstida 2020, alt er avlyst. Men styret i Grendalaget oppfordra sambygdingane sine til å ta på refleksvestar, gå ut på tur og legge turen om Forsamlingshuset torsdag kveld. Styret lova da «et lite lysglimt i denne ellers mørke tida».
No tek kløverturen juleferie. Siste kløverturen i 2020 var lagt til Tjønnmyrane. 15 deltakarar gjekk tur og avslutta sesongen med triveleg samling i gapahuken. Men over nyttår blir det nye turar.
Nordvik Grendalag minner om den digitale basaren. Siste dag for loddkjøp er 3. desember.
Nordvik Grendalag melder at i år blir førjulsbasaren på Nordvik digital. Ein kan alt kjøpe lodd ved å VIPPSE til 98505. Prisen for eit lodd er 50 kroner. Det er viktig å skrive namn på meldinga når ein vippsar. Loddsalet har alt starta, og ein kan kjøpe lodd fram til 3. desember. Trekking ved styret Grendalaget i 7. desember.
Todalen sanitetsforening inviterer til Kløvertur måndag 30. november. Start frå Hals/Matkroken kl. 11:00. Samling ved gapahuken oppe på Tjønnmyran ca. kl 11.15.
No er det tid for ein ny runde med fotpleie i Todalen sanitetshus. Fotterapeut Pan Promchart Hoset kjem måndag 7. desember og tysdag 8. desember. Det er mange ledige timar båe desse to dagane.
Sanitetsforeininga melder at kløverturen oppå Tjønnmyran måndag 23. november er utsett på grunn av ver- og føreforhold. Viss forholda ligg til rette for det, vil det bli sesongavslutning på Tjønnmyrå måndag 30. november.
Friluftsråda for Sunnmøre og Nordmøre og Romsdal kjem no med eit nytt Stikk UT!-opplegg, nemleg vinterfotturar. Det kjem i tillegg til Stikk UT! Ski, det er spennande for det er slett ikkje stabilt skiføre heile vinteren i fylket vårt. På Nordmøre er det berre 3 kommunar som er med på Stikk UT! vinterfotturar, nemleg Sunndal, Smøla og Kristiansund. Men det blir Stikk UT! ski i Surnadal.
Måndag 16. november starta med trugande skyer i nordvest, men regnet heldt seg heldigvis utanfor Kammen og Kløverturgjengen fekk ein retteleg fin turdag.