Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kløvertur i godver!

Dordi Jorunn Halle Tysdag 20. april 2021

Sol frå skyfri himmel, og varme i lufta. Det vart ein riktig så fin dag for kløverturgjengen! Og det vart ein dag for lang og triveleg kaffipause ved gapahuken ved Båthølen.

Jean. Synnøve og Eli er klare for kaffipause. Foto: Dordi J H

Turen starta frå Matkroken og vidare innover til Bønnavollan. Deretter etter Toåa tursti, lang pause ved  Båthølen for så å gå utover langs Toåa. Her var det fint å gå no, det blir snart heilt bart. Siste etappe gjekk forbi Bruvollen og opp til allmannvegen.

Ein nydeleg dag, og vi seier som Garborg:
«Å nei, for himmel rein og klår! Å sæle meg, no blir det vår!»

Fleire bilete frå ein fin turdag:

Kjekt å ha ein slik fin rasteplass som her ved Båthølen. Foto: Dordi J H

Her er Jorunn Ø, Arndis, Kari, Åshild, Jorunn H og Ester Karin.. Foto: Dordi J H

Publisert: 20. april 2021, 08:19