Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arbeidet med årsskrift nr. 20 er godt i gang

Dordi Jorunn Halle Sundag 2. mai 2021

Todalen historielag melder at arbeidet med årsskrift for 2021 er godt i gang. Det blir da årsskrift nr. 20 – altså eit lite jubileum.

Skriftstyret hadde tredje møtet sitt dette året i slutten av april, og mange artiklar er alt ferdige. Dei kan røpe litt om innhaldet. I fjor var det mykje om skule i Todalen, i år blir det minne frå skuletida på Nordvik. Det er 20 år sidan Svinviktunnelen vart teken i bruk til stor glede for alle som ferdast til og frå Todalen; det blir markert i årsskriftet. For 120 år sidan stod Phillips House ferdig, og Lort Phillips med familie og gjester kom til bygda – ei spennande historie. Samvirkelaget i Todalen har det så langt ikkje vore skrive om i hefta til historielaget; det er lite stoff og bilete å finne, men ein kort artikkel blir det. Det blir også eit par portrettartiklar, oppskrift og minnebok med interessante bilete. Meir vil ikkje skriftstyret avsløre, men det er nokre godbitar i årets hefte, og!

MEN: Er det nokon som har bilete frå samvirkelagsdrifta i Todalen, så er skriftstyret svært interessert i det!

Møte i skriftstyret til Todalen historielag i Todalen ungdomshus. Frå venstre Dordi Jorunn, Anna Ingeborg, Sissel, Wenche og Maren. Foto: Sven Olav.

Nytt av året er at skriftstyret er utvida med to medlemmer; Anna Ingeborg Nordvik og Sissel Halset Storslett.

Det første årsskriftet kom altså ut til jul i 2002, og da var Reidar Østvik redaktør. Han skriv i forordet: «Intensjonen er at skriftet skal komme ut hvert år, eller annenhvert år fremover. Vi håper dessuten at medlemmer av laget og andre vil sende inn stoff til publisering». 

Så langt er årsskriftet kome ut kvart år, og i tillegg har laget gjeve ut tre andre hefte: «Glimt frå okkupasjonstida, Todalen og Nordvik» i 2005, «Tysklandsbrigadane 471 til 522» i 2007 og «Kyrkja i Todalen» i 2011. Dette er rett og slett imponerande! Konklusjonen blir at i Todalen historielag er det lagt ned mykje dugnadsarbeid for å dokumentere lokal historie.

 

Publisert: 2. mai 2021, 23:10