Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kløvertur om Hala og Husby

Dordi Jorunn Halle Måndag 12. april 2021

Etter er tre veker med påskepause var det tid for kløvertur igjen måndag 12. april. Turruta måtte bli etter allmannvegen, da det er snø både i skogsstigar, skogsvegar og i turstien langs elva.

Turen starta frå Matkroken på Kvennset i godt vårver og gjekk innover Prærien, oppover Smålandsgrenda til Husbyevja. Derifrå gjekk turen over til Halagrenda om snarvegen forbi Pestuå og bort til skulen. Der fekk turgjengen trivelege heiarop frå ein gjeng elevar som baska i snøen.

Gruppebilete ved Todalen kyrkje. Frå venstre: Jean, Åse, Synnøve T, Jorunn, Marit, Arndis, Eli, Synnøve G, Dordi og Ester Karin. Foto: Dordi J H

På skulen var det full aktivitet i akebakken. Foto: Dordi J H

Deretter bar det oppover Pilskaret utover Halagarden og til Husby. Der var det vedasjau, og det vart hyggeleg prat med Jostu.

Altså vart det ein god rundtur, og praten gjekk livleg. Det er ekstra verdifullt å kunne treffast ute på tur no når det er restriksjonar på det meste av sosial aktivitet.

Måndag om ei veke blir det ny tur. Tru om vinteren da har sleppt taket, og det er vårsøg i lufta?

Fleire bilete:

Triveleg prat med Jostu på Husby. Foto: Dordi J H

Framfor Skulstuå frå 1864. Skulptur av Vangsgutane i bakgrunnen, og fremst Jorunn, Dordi, Synnøve og Marit. Foto: Dordi J H

Godt med kaffipause i sola etter turen. Foto: Dordi J H

 

Publisert: 12. april 2021, 16:50