Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kjøle kjekt med besøk av sanitetskvinner!

Dordi Jorunn Halle Onsdag 28. april 2021

Ungane i Todalen barnehage syntest det var stor stas å få besøk av sanitetskvinnene Jorunn og Kari, dei kom med godsaker til ungane og blomster til dei tilsette. Det er godt for alle å bli gjort litt ekstra stas på i litt uvanlege tider!

Sola skein så det vart eit triveleg utetreff. Og ungane fekk både kjeks, jus, frukt, bær og ikkje minst eventyrsjokolade på ein heilt vanleg kvardag. «Kan vi verkeleg ete sjokolade i barnehagen?» undrast ungane og skein i kapp med sola og var kjempeglade! Aller mest fornøgd var kanskje ungen som hadde ein liten bit sjokolade att til ei ekstra kosestund etter middagskvila. Det var godt det!

I tillegg til godsakene fekk alle kvar sin tannbørste som dei fekk ha med seg heim; viktig å jage bort Karius og Baktus før sengetid.

Her i Todalen har det mest ikkje vore koronasmitte, men ungane er opptekne av viruset og er utruleg flinke og innstilte på god og grundig handvask, fortel Jorunn Nordvik. Todalen barnehage er ein kohort, og der har dei det fint i lag. Men pandemien pregar dei daglege gjeremåla og aktivitetane. Det største saknet er at det er «stengt grense» mellom skulen og barnehagen for første gong sidan barnehagen opna i 1990. Dei minste kan ikkje no få hjelp til fart i dissa eller hjelp til å bygge fine slott i sandkassen av skuleelevane. Alle dei tradisjonelle fellesaktivitetane mellom skule og barnehage er innstilte. Og internt i barnehagen kan dei ikkje ha smøremåltid, og ungane kan ikkje vere med å bake eller lage bakels. Dette gjer nok kvardagen litt meir einsformig, men det er ingen ting å klage på så lenge alle er friske!

Derfor vart det stor stas med besøk og godsaker midt i veka på ein vanleg barnehagedag! Og etter utetida vart det lesing av eventyr frå sjokoladepapiret.

Berre blide fjes i Todalen barnehage i dag! Ny tannkost – kanskje ekstra kjekt å pusse tennene tysdag kveld? Foto: Kari Kvendset.

Samarbeid mellom Orkla-gruppa og Norske Kvinners Sanitetsforening

Bakgrunnen for gåvene til barnehagen er eit samarbeidsprosjekt mellom Orkla og NKS for å gi oppmuntring til barn og unge under koronapandemien. Vilkåra for tildeling av støtte frå Orkla er at det blir handla Orkla-produkt lokalt. Kari Kvendset og Jorunn Hals Ørsal er med i omsorgsberedskapsgruppa i Todalen Sanitetsforening, og dei hadde opplegget for banehagebesøket. Dei hadde handla på Hals – meir lokalt kan det ikkje bli! Og Jorunn og Kari syntest dette var eit meiningsfylt oppdrag, og det var svært så kjekt å ta turen til Todalen banehage. Ei kort, men triveleg utestund både for barn og vaksne!

 

Publisert: 28. april 2021, 08:03