Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Snart klart for ny Stikk UT!-sesong!

Dordi Jorunn Halle Tysdag 20. april 2021

Snart er det 1. mai, og da startar sesongen for Stikk UT! sommar. I Surnadal kommune er det i alt i 12 turmål, tre av dei er nye for året.

I nærområdet til Todalen er Åsbøsnytå nytt turmål. Turen er merka blå, altså litt krevjande med 443 høgdemeter og med lengde 2,85 km ein veg. Men det er fin utsikt både på tur opp innover mot Todalsfjella, og når ein når toppen med utsikt utover fjorden.

Utsyn frå Åsbøsnytå. Foto: Dordi J H

«Spitfire-runden» er ein ny tur på Nordmarka med start frå Andersvatnet. Rundturen er på 6,34 km og med stigning på 215 høgdmeter. Dette er ein tur med bakgrunn i krigshistoria da målet for turen er staden der eit Spitfirefly frå RAF styrta under andre verdskrigen.

Den tredje nye turen er lang, men flat; nemleg «Rundtur via Omfløddøra» i sentrale Surnadal. Turen går om Øye bru og Ørabrua. Turkassen er plassert på Omfløddøra midt i elva Surna. Turen er på 7,91 km og er ein rundtur om Øye bru og Ørabrua.

Omfløddøra i nedre Surnadal. Fotoeigar: Surnadal kommune

Her i Todalen er både Tjønnmyran og Svinvikrunden framleis Stikk UT!-turar.

Men det vart mykje snø no i mars og april, så mange av turrutene blir ikkje opna til 1. mai.

Pressemelding frå Surnadal kommune 19.04.2021:

Det begynner å nærme seg 1. mai og starten på Stikk UT! for sommaren. Så langt kan vi slå fast at fleire turmål heldigvis vil vera klare til opning 1. mai, men slett ikkje alle.

Dei postane vi er ganske sikre på at er snøfrie nok til å opnast, er desse:

Svinvikrunden, Kleiva, rundturen om Årneshola og «Ja-benken» og rundturen om Omfløddøra.

Dei postane som heilt sikkert ikkje vil bli opna 1. mai, er desse:

Snøfjellet (Kvenndalen), Åsbøsnytå og Spitfire-runden. Her kan ein tidlegast vente opning 1. juni, men det er ikkje utenkjeleg at opninga vil bli ytterlegare utsett.

For dei resterande postane er det enno i dag usikkert om ei opning 1. mai er muleg.

Dette gjeld: Haugasetra, Tjønnmyran, Settemsvarden, Svartvatnet og Soggnebba.

20. april er det godt med snø opp Gammelfalla i Todalen der rundturen om Tjønnmyran startar. Foto: Dordi J H

Godt med snø i løypetraseen på Tjønnmyran og 20. april. Foto: Dordi J H

På Nordmarka, her styrta Spitfireflyet. Foto: Surnadal kommune.

Oppdatert info om kva postar som er opna, finn du på Stikk UT! Surnadal-sida på facebook, på Stikkut.no eller i den rykande ferske Stikk UT!-appen.   

Lenke her: stikkut.no/stikkut/turer

 

Publisert: 20. april 2021, 15:17