Strikkekaffe i Sanitetshuset
Todalen sanitetsforening inviterer til strikkekaffe laurdag 15. april i tidsrommet kl. 13:00 – 16:00.
Vi fann 1024 artiklar i dette arkivet.
Todalen sanitetsforening inviterer til strikkekaffe laurdag 15. april i tidsrommet kl. 13:00 – 16:00.
Påskebasaren på Nordvik hadde god oppslutning og mange fine gevinstar. Grendalagaget takkar alle som støtta opp med gevinstar og loddkjøp.
Nordvik grendalag melder at det blir påskebasar tysdag 4. april og seterrenn på Nordviksetra skjærtorsdag 6. april.
Wenche Kvendset har vore med i styret til Todalen historielag sidan starten i 2002. Ho har vore skrivar og vore med i skriftstyret i alle år. På årsmøtet i Ungdomshuset 28. mars fekk ho stor og velfortent takk for innsatsen frå leiar John Moe.
Siste måndagen i mars vart det endeleg kløvertur i sol og godver! Riktig så godt! Men skarp og kald luft! Så den vesle nysnøen som kom sist natt, tina ikkje bort anna enn på asfalten.
Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 27. mars. Oppmøte ved Matkroken/Hals og start derifrå kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!
Mars er den første vårmånaden, men så langt regjerer Kong Vinter. Dermed blir det kløverturar etter vegen.
Todalen sanitetsforening inviterer til Kløvertur måndag 20. mars. Start frå Matkroken kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!
Sanitetsforeninga i Todalen inviterer til strikkekaffe kvar tredje laurdag, og det er eit sosialt og godt miljøtiltak. Det gjer nemleg så utruleg godt å treffast til uformell prat og kaffelag.
Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 13. mars. Oppmøte ved Matkroken/Hals og start derifrå kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!
Nytilsett folkehelsekoordinator i Surnadal kommune, Trine Kristiansen Glåmen, deltok på medlemsmøtet i Sanitetsforeninga tysdag 7. mars. Ho sette fokus på kor viktig det er å trene styrke og balanse når ein kjem opp i åra.
Etter ei helg med mykje ver – stort snøfall og vind – vart det opphaldsver under kløverturen måndag 6. mars.