Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Triveleg kløvertur med snorklipping, guiding og servering

Dordi Jorunn Halle Måndag 28. august 2023

Kløverturen siste måndagen i august vart reint så triveleg: Mykje folk, godt ver, interessant guiding, snorklipping og kaffelag med mykje godt!

Karen Johanne Talgø (midt på biletet) og Kjell Gunnar Polden (gul jakke) hadde mykje interessant å fortelje. Foto: Dordi Jorunn Halle.

Karen Johanne fekk æra av å klippe over snora og erklære stien for opna! Kjell Gunnar Polden og Dordi Jorunn Halle (frå kløverturgruppa) held snora. Fotoeigar: Dordi Jorunn Halle.

Hausten 2022 vart det mellom folket på Vestrum og på Talgøgarden tal om å restaurere den gamle stien nordsida av Toåa; her var det tidlegare både ein husmannsplass, høyløe, sommarfjøs med beiteområde og slåttamark. Dei hadde planleggingsmøte før arbeidet vart sett i gang. Odd Harald frå Vestrum stilte med gravemaskin, Kjell Gunnar stod for gruskjøring, oppsetting av benkar, namneskilt og anna tilrettelegging. Karen Johanne hugsa slik stien var sist på 1960-talet; så ho stilte med kunnskap om historia, namn og servering. Det er lagt ned mykje arbeid for å ta vare på denne tradisjonsrike ferdselsåra.

Her er det kvilebenk som Kjell Gunnar har fått på plass langs stien. Ved benken: Jon Olav Ørsal, Marit Sanden Søyset og Arndis Søyset. Foto: Dordi Jorunn Halle.

Idylliks ved Toåa. Dordi Fedje og Karen Johanne Talgø ved ein fin benk. Foto: Dordi Jorunn Halle.

No er arbeidet kome så langt at det var tid for snorklipping slik som det sømer seg for store turvegprosjekt. I anledning snorklippinga fekk kløvergruppa i Todalen sanitetsforening invitasjon til å bli med på guida tur og offisiell opning! Det var populært, for om lag 25 personar vart med på turen. Undervegs vart det mange stopp med interessant historieforteljing, og Karen Johanne stod for klipping av snora!

Da det har regna mykje dei siste vekene, er det kjøle vått i marka så turen vart litt kortare enn tenkt. Og det er nok framleis ein del arbeid som skal gjerast, før stien er heilt ferdig.

Her er det steinklopp over ein bekk. Kjell Gunnar fortalde at det var både tungt og slitsamt å få plass steinhella. Foto: Dordi Jorunn Halle.

Etter turen var det samling på tunet i Talgøgarden, her var det meir enn nok sitjeplassar til alle! Og det var som forventa topp servering med graut og bakels, skuffkaker, iskaker og kaffe! Kaffestunda vart lang og triveleg med god prat!

Her er mannskapet som stod for servering og kaffekoking! Stor takk til dei! Frå venstre: Even Langli, Ragnar Halle, Kjell Gunnar Polden og Karen Johanne Talgø. Foto: Dordi Jorunn Halle.

Kløverturgruppa i Todalen sanitetsforening seier tusen takk for invitasjonen og for ein flott og interessant turdag!

Og på eit mirakuløst vis var det opphaldsver under heile turen! Det plaskregna heile natt til måndag, og på tur ned Falla etter turen kom det regn igjen.

Store og gamle asker, askeavkok vart for eit par tiår sidan populært til medisinsk bruk. Foto: Dordi Jorunn Halle.

Fint og triveleg i Talgøhagen. Foto: Marit Sanden Søyset.

Så i dag kan vi tru det er sant som det seiest, at godt folk har godt ver!

Første måndagen i september blir det kløvertur i Gammelvegen/Svinvikrunden med start frå Snøyå.

Fleire bilete frå ein triveleg dag:

Dordi Jorunn takkar for godt oppmøte og god servering! Nyt blomsterprakta! Foto: Marit Sanden Søyset.

Her er det fire jenter med namnet Dordi. I følge namnestatistikken er det 171 som heiter Dordi i Norge, medan det er om lag 70 000 kvinner som heiter Anne. Frå venstre: Dordi Vatn Todalshaug, Dordi Jorunn Halle, Dordi Ingborg Finborud, Dordi Husby Fedje. Foto: Marit Sanden Søyset.

 

 

Først publisert: 28. august 2023, 18:22 - Sist oppdatert: 29. august 2023, 07:30