Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Strikkekaffe i Sanitetshuset

Dordi Jorunn Halle Torsdag 31. august 2023

Todalen sanitetsforening melder at laurdag 2. september er det strikkekaffe i Sanitetshuset i tidsrommet frå klokka 13:00 til 16:00. Alle er velkomne, med eller utan handarbeid!

Arndis Søyset og Helen Saksen er ansvarlege for strikkekaffeopplegget i sanitetsforeninga, og dei er også vertinner denne første gongen med strikkekaffe etter ferien. Dei fortel at det blir både kaffe og kaker.

Arndis og Helen ønsker alle vel møtt til ei triveleg ettermiddagsstund!

Publisert: 31. august 2023, 19:00