Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forfattararkiv for

Vi fann 2472 artiklar i dette arkivet.


Fotballkamp på Bordholmen tysdag

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 3. juni 2023

Tysdag 6. juni spelar Søya/Todalen sitt G 11-lag heimekamp på Bordholmen stadion klokka 18:00. Da skal heimelaget spele mot Kvass/Ulvungen, våre gode naboar på andre sida av fjorden, så dette blir med andre ord eit «klassisk» lokaloppgjer!


Sein «julegåve» og litt meir

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 2. juni 2023

Før jul, fekk styret i Todalen Idrettslag eit brev frå Jakob Ranes, ein ivrig fotballspelar, med spørsmål om idrettslaget kunne kjøpe ein rebounder, Ein rebounder er ei metallrame med eit nett. Når ein skyt fotballen på nettet, kjem ballen att, så dette er ein fin måte å lære seg å skyte ballen kontrollert og å ta imot ballen att etterpå. Styret i idrettslaget var sjølvsagt positive til eit slikt initiativ frå eit ungt medlem. 


Bli med på Todalsdagen laurdag 1. juli

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 1. juni 2023

Todalsdagen 2023 går av stabelen 1. juli, og planlegginga av årets utgåve er godt igang. I år er det 30 år sidan den første utgåva av Todalsdagen vart arrangert i 1993. I år, som alle år, blir det TodalsCup i fotball for aldersgruppa 6 – 12 år. Invitasjon er sendt ut til laga, og påmeldingsfristen er fredag 23. juni. 


Ungdomsrommet tek form – ny dugnad onsdag

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 1. juni 2023

Ungdomsrommet i reiskapshuset på Bordholmen stadion tek form. I går kveld vart taket ferdig grunna, så no er både tak og veggar klare for å få siste «finish» før innreiinga av rommet kan ta til. 


Ut av bibliotekrommet med lesing og fellesskap

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 31. mai 2023

Surnadal bibliotek har sidan 2019 arrangert «Litterært pusterom» på biblioteket på Skei. Som ein del av prosjektet «Ut av bibliotekrommet» vil biblioteket no tilby dette i andre delar av kommunen.


Avlyser «Hjertemarsjen» i kveld

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 31. mai 2023

På grunn av sjukdom og dårleg ver, blir kveldens planlagde «Hjertemarsj» i Kavlvegen på Eidet avlyst. Dette melder arrangøren Surnadal demensforening og helselag i ein e-post til redaksjonen. 


Fjellgruppa gjekk til Tussan

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 31. mai 2023

I går gjekk Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag sin tur til austre Tussan. – Vi, 21 spreke pensjonistar, starta turen frå Haugaskaret og gjekk den svært så bratte lia opp til Austre Tussan, fortel Anne V. Einum i Fjellgruppa.


Kleivaprisen 2023 delt ut under Kleivakvelden i Storstuå

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 27. mai 2023

– Årets Kleivaprisvinnar har føtene godt planta i lokalt kulturliv og har i ei årrekkje vore med på det meste som rører seg innan scenekunst, revyar og konsertar. Alltid med tryggheit, kunnskap og engasjement, heiter det i juryen si grunngjeving.for utdelinga av årets Kleivapris.


Kleivakvelden blir flytta inn i Storstuå

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 27. mai 2023

Det er meldt store nedbørsmengder i kveld. For å skape ein best mogleg
Kleivakveld for alle involverte og publikum har styret i Laget Vårsøg beslutta at årets Kleivakveld blir flytta innandørs til Storstua i Surnadal kulturhus. I Storstuå er det plass til 300 personar. Dei som allereie har kjøpt billettar er sikra plass i Storstuå og kan sette seg i salen frå klokka 17.30.


Stavgangarane tok Svinvikrunden

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 26. mai 2023

I går gjekk Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag sin tur til Svinvikrunden. Vêrgudane såg ikkje ut til å ville varte opp med fint turvêr, men akkurat da stavgangarane gjekk turen sin var det i alle fall opphaldsvêr bortimot heile turen. 


Fjellgruppa inviterer på tur til Tussan

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 25. mai 2023

Tysdag 30. mai inviterer Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag på til Tussan. Oppmøte på parkeringsplassen nedanfor Øye kyrkje klokka 10:30 for samkøyring til Hauaskaret, der det blir parkering og start på turen. 


Bli med historielaga på busstur

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 24. mai 2023

Stangvik historielag og Todalen historielag inviterer til busstur laurdag 8. juli. Årets tur går til Bud i Romsdalen. Her blir det omvising omvisning på Kystfortet og guiden vår vil fortelje oss litt ekstra «Bud-historie».