Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Stavgangarane tok Svinvikrunden

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 26. mai 2023

I går gjekk Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag sin tur til Svinvikrunden. Vêrgudane såg ikkje ut til å ville varte opp med fint turvêr, men akkurat da stavgangarane gjekk turen sin var det i alle fall opphaldsvêr bortimot heile turen. 

Fin tur, sjølv om vêrgudane ikkje spela på lag. Foto: Svein Tjelle

Men kaffepausen måtte dei ta innandørs denne gongen.

Fin utsikt i Svinvikrunden. Foto: Svein Tjelle

Det er alltid ein fin tur opp den gamle vegen, seier Svein Tjelle i Stavganggruppa.  

Vart litt regn under turen i går. Svein Tjelle

Fin utsikt, om det var harde vìndkast og regn på slutten, legg han til. 

Turglede! Foto: Svein Tjelle

Neste tur blir langs Toåa i Todalen. Parkering ved Bruset, kan Svein til slutt fortelje. 

Publisert: 26. mai 2023, 06:07