Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kleivakvelden blir flytta inn i Storstuå

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 27. mai 2023

Det er meldt store nedbørsmengder i kveld. For å skape ein best mogleg
Kleivakveld for alle involverte og publikum har styret i Laget Vårsøg beslutta at
årets Kleivakveld blir flytta innandørs til Storstua i Surnadal kulturhus.
I Storstuå er det plass til 300 personar. Dei som allereie har kjøpt billettar er sikra plass i Storstuå og kan sette seg i salen frå klokka 17.30.

Det er ikkje nummererte plassar i Storstua i kveld. Dei som ønsker å kjøpe billett må stille seg i gammaldags billettkø inne i Surnadal kulturhus på merka område frå kl. 17.30-18.00.

Billettpris kroner 400,-. Det blir sal av kaffe, græt og bakels i foajeen frå klokka 16:45. 

Kleivakvelden startar når billettene er utseld og folk har fått sett seg.
Vel møtt til ein alternativ Kleivakveld. 

 


Medlem i Todalen.no –


 

Publisert: 27. mai 2023, 10:47