Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fjellgruppa gjekk til Tussan

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 31. mai 2023

I går gjekk Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag sin tur til Austre Tussan. – Vi, 21 spreke pensjonistar, starta turen frå Haugaskaret og gjekk den svært så bratte lia opp til Austre Tussan, fortel Anne V. Einum i Fjellgruppa.

Opp vårgrøne lier. Foto: Anne V. Einum

Då det bles så kraftig, kom vi fort til at det vart nok å bestige ein av dei tre toppane på Tussan, fortel ho. 

Stupbratt opp mot toppen. Foto: Anne V. Einum

På turen opp møtte vi tre spreke personar som alt hadde vore på austre Tussan, og dei rådde oss og til å nøye oss med ein fjelltopp på denne vindfulle dagen og med delvis blaut og sleip sti, legg ho til.

Vindfullt på Austre Tussan 729 moh. Foto: Anne V. Einum

Men opphaldsver og god sikt hadde vi på heile turen, så det vart ein fin og svært så triveleg tur, avsluttar ho. 

Turen ned att same vegen går lett. Foto: Anne V. Einum

Fjellgruppa sin neste tur går til Bolia, fredag 9 juni, legg merke til at turen går neste gong går fredag og ikkje tysdag! Meir informasjon kjem når det nærmar seg turdag! 

Siste rest av vinter. Foto: Anne V. Einum

Fleire bilete frå Fjellgruppa sin tur i går ser du nedanfor:

Publisert: 31. mai 2023, 06:21