Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kleivaprisen 2023 delt ut under Kleivakvelden i Storstuå

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 27. mai 2023

– Årets Kleivaprisvinnar har føtene godt planta i lokalt kulturliv og har i ei årrekkje vore med på det meste som rører seg innan scenekunst, revyar og konsertar. Alltid med tryggheit, kunnskap og engasjement, heiter det i første avsnitt av juryen si grunngjeving for utdelinga av årets Kleivapris.

Årets Kleivaprisvinnar er ein trio med brei kulturell erfaring og alle tre er allsidige musikarar, som når dei spelar sjølve og saman med andre skapar magi på scena. I tillegg til å imponere med traktering av instrument, så er det rolla som tilretteleggjar og evnen til å få andre til å skine og oppnå draumen sin som skal framhevast i dag.  

Med høg kompetanse og ei stor dose pågangsmot har dei satsa i ei usikker næring. Frå 2016 har dei tilbydd tenester innanfor teknikk, lyd og lys. Dei driv med studioinnspeling frå ide til ferdig produkt. Dei bidreg med produksjonar, arrangement og komposisjonar til film, Tv og ulike forestillingar. Alt dette frå studioet sitt i ein låve på Øyamoan.

– Dei får Kleivaprisen for sin viktige innsats som “bakmenn” – dei som gjer det trygt for andre å stå på scena, dei som gir publikum unike opplevingar i form av lys og lyd. Dei som produserer og løftar fram vakker musikk for oss alle saman, seier juvyen i si grundige grunngjeving. 

Årets prisvinnarar er rockar både på og bak scena

Årets Kleivaprisvinner er Dreamfarm Studio, ein trio som består av Frank Spoon Botten, Ola Langli og Rolf Paulsen.

Todalen.no gratulerer Dreamfarm Studio som årets Kleivaprisvinnarar!

Publisert: 27. mai 2023, 18:30