Ope bakeriutsal hos Lia gard på fredag
Fredag 26. april, mellom klokka 12:00 – 17:00, inviterer Lia gard til ope bakeriutsal i Lia. Her blir det mogleg å få kjøpt både grovbakst og noko godt til helgakaffen!
Vi fann 2471 artiklar i dette arkivet.
Fredag 26. april, mellom klokka 12:00 – 17:00, inviterer Lia gard til ope bakeriutsal i Lia. Her blir det mogleg å få kjøpt både grovbakst og noko godt til helgakaffen!
Onsdag 17. april hadde Surnadal Pensjonistlag invitert sine medlemmar til medlemsmøtø i kantina på Surnadal sjukeheim.
«Kaffekrokens venner» er ein aktiv gjeng, og i går var dei på omvising på Rossåa settefiskanlegg sitt smoltanlegg i Sissigrenda. Tidlegare har dei vore på bedriftsbesøk både hos Pipelife og Talgø Møretre i Surnadal. Rossåa settefiskanlegg har vore stengt for besøk eit par år på grunn av sjukdom i eit anna anlegg på Nordmøre, men har no opna for besøk att.
Laurdag 20. april klokka 19:00 kjem Teatret Vårt med si humoristiske hylling av Norsk sangbok til Storstuå på Surnadal kulturhus. Før teatret blir det ein minikonsert i foajeen på kulturhuset klokka 18:30.
Sindre Bruset (20) frå Hjellen i Brusetgrenda har tysdag, i går og i dag, som ein av seks finalistar i sin klasse, delteke i NM for lærlingar og unge montørar i elektrikar- og telekomfaget, som vart arrangert av Nelfo (NHO) i Oslo. Sindre gjorde ein kjempefin innsats dei tre finaledagane, og kom til slutt på ein fin tredjeplass, og vart dermed bronsevinnar
Todalen Sokneråd inviterer søndag 21. april klokka 11:00 til gudsteneste i Todalen kyrkje. Torbjørn Brøske er liturg, medan Bernt G. Bøe er organist.
I fjor vart asketrea, som i mange år hadde stått i alleen ved Talgø gård hogde ned. Det har etter dette vore spekulert i kva ein skulle bruke dei til, og forskjellege idear har vore diskutert. Til slutt kom Gunnar Nordvik med ideen om at det var mogleg å lage leikeapparat i lysløypa på Tjønnmyra av dei store trea.
Surnadal Pensjonistlag inviterer til «trivselskveld» på Surnadal hotell onsdag 8. mai klokka 19:00.
Det blir servert ytrefilet av svin fra Sylte gardsslakteri med parmesanstekte poteter, smørdampa brokkolini og heimelaga pepparsaus.
Todalen bøgdalag gjennomfører årsmøtet sitt for 2024 i Todalen ungdomshus torsdag 25. april klokka 19:30. No er saklista til årsmøtet klar, og inneheld vanlege årsmøtesaker som årsmelding og rekneskap.
I fjor haust og i vinter har det vore stor aktivitet med vedhogst og tømmerdrift på Talgø gård. I samband med at Sollid skog AS dreiv tømmerhogst i vinter vart det også hogd mykje ved. I tillegg har Kjell Gunnar Polden rydda skog oppover mot Svabu, Rydda bjørk rundt kokkhuset, og hogd older ved elvekanten, slik at folk kjem seg ned til elva.
Nordmørsmusea har ledig stilling som fast museumsgartnar i 100% stilling i Svinviks arboret, som dei no lyser ut. Stillinga har særskilt ansvar for drift og utvikling av Svinviks arboret, samt fagansvar for den levande samlinga i Nordmørsmusea elles. Dette betyr at museumsgartnaren har ansvaret for planter, eller dyr, som på grunn si historiske og genetiske bakgrunn er berarar av kulturhistorisk informasjon, og som difor inngår som ein del av museet si samling. I Nordmørsmusea gjeld dette per i dag planter/hageanlegg, og slåttemark
Sist tysdag hadde «dametrimmen» besøk av fysioterapeutane Martin Berg Hansen og Marit Nordvik Betten, og i dag var det «kaffekrokens venner» sin tur til å få besøk med rettleiing frå fysioterapeutane.