Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Asketre frå Talgø gård blir leikeapparat på Tjønnmyra

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 18. april 2024

I fjor vart asketrea, som i mange år hadde stått i alleen ved Talgø gård hogde ned. Det har etter dette vore spekulert i kva ein skulle bruke dei til, og forskjellege idear har vore diskutert. Til slutt kom Gunnar Nordvik med ideen om at det var mogleg å lage leikeapparat i lysløypa på Tjønnmyra av dei store trea.

I dag vart Ståle Ansnes difor innkalla for å frakte asketrea frå Talgø gård og til lysløypa på Tjønnmyra, og dermed såg eit nytt «kunstverk» dagens lys ved gapahuken på Tjønnmyra.  

Da blir asketrea frå Talgø gård leikeapparat i lysløypa på Tjønnmyra, kan ein nøgd Gunnar Nordvik konstatera. Foto: K G Polden

– Vi måtte ha hjelp av Ståle, med litt grovt utstyr for å få dei frakta frå Talgø gård til Tjønnmyra, og det vart meir som eit «kunstverk», seier Kjell Gunnar Polden, som organiserte transporten. – Takk til Gunnar for ideen og arbeidet og til Ståle for flyttinga av dei store trea, legg han til.

Publisert: 18. april 2024, 12:21